Gode løp av Aaland i Oslo maraton
Olav Erling Aaland og Gisle Aaland var Sunnylven IL sine representantar i Oslo maraton laurdag. Begge leverte sterke løp.
Det hadde blitt nokre treningstimar for son og far Aaland, Olav Erling som deltok i M 30-34, og Gisle i M 60-64, og som begge representerer Sunnylven IL. Olav Erling bur og jobbar i Oslo, Gisle tok turen frå Hellesylt for å springe halvmaraton, same distanse som Olav Erling, 21.1 km.
-Eg tek i alle fall med meg eit par joggesko, sa Gisle dagen før han drog. Og det vart meir enn å berre ta dei med, senioren som held seg i form og trenar jamt både sommar og vinter leverte til 29 plass i M 60-64 år. Sluttida vart sterke 1.46.42.
Enno raskare sprang Olav Erling Aaland som kom i mål på 1.17.19 og som gav 30 plass mellom fleire hundre. Vinnar av halvmaraton vart Marius Vedvik, Gular IL, 1.07.50.