Lokalnytt

Godt fiske i Korsbrekkeelva i 2022

Ole Arnstein Ringdal har fiska mykje i Korsbrekkeelva. Her med ei lakserugg på 11.0 kilo, fiska i Fløtehølen (Arkivfoto frå 2020)

Korsbrekke elveeigarlag har gjort ferdig statistikken for årets laksefiske. Det enda på vel 1700 kilo, eit resultat meir enn ein normalt god sesong.

Det var lite storlaks som vart rapportert inn frå laksefiskarane i Korsbrekkeelva i år, berre tre -fire laksar der vekta viste mellom ti og elleve kilo.  Det var dei største, fortel Arne Korsbrekke, pensjonist, men elveeigar og laksefiskar. Interessene kring laksefiske i Korsbrekkeelva har «kverna» i han i over 60 år, like lenge som han har styra med lakseklekkeriet i Husøyna.

-Klekkeriet var bygd og teke i bruk i 1932 for 90 år sidan. No får vi ikkje lov å ta opp stamlaks og drive eit viktig kultiveringsarbeid for stamma av Korsbrekkelaksen. Eg synest det er forgale, for om vi fekk avle fram 100.000 lakseyngel slik vi har gjort kvart år ville det utan tvil forbetre elva som lakseelv. Korsbrekkeelva er ikkje ei gyteelv frå naturen si side, elvebotnen er storsteinete og mykje svaberg, seier Arne Korsbrekke.

Arne synest likevel fangstrapporten han kan referere til er god lesnad, for tala syner at det i 2022 vart fiska og avliva vel 1700 kilo i Korsbrekkeelva.
Av dette var fisk under 3.0 kilo, pjakk og sjøaure som var skada 232, og av fisk over 3.0 kilo som blir rekna som laks vart det landa 245. I vekt utgjorde det 1237 kilo.

Leiar i Korsbrekke elveeigarlag, Glenn W. Stadheim er også godt fornøgd med det elva har levert. Sjølv om storlaksen mangla fortalde fiskarane at laksen var i god kondisjon, feit og fin.

Skjellprøver viser at mykje av laksen er av Korsbrekkestamma, den som har blitt avla fram i klekkeriet i Husøyna, seier han. Også fangstresultater er godt, i enkelte rekordår har vi bikka 2000 kilo så 1700 er eit flott resultat, seier Glenn W. Stadheim.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380