Lokalnytt

Har fått endeleg avslag på opptak av stamlaks

I Steimshølen i Korsbrekkeelva har det blitt fanga stamlaks til klekkeriet med kastenot. (Foto frå arkivet)

Korsbrekke elveeigarlag anka vedtaket til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal i 2021 der laget fekk avslag på å ta opp stamfisk av laks i Korsbrekkeelva. No har Miljødirektoratet gjort endeleg vedtak og opprettheld vedtaket til Statsforvaltaren.

-Vi forstår at det sosiale aspektet ved kultivering er viktig for motivasjon og samhald mellom elveeigarane, men vi meinar det ikkje er gode nok argument for å halde fram ein praksis som ikkje har positiv effekt på bestanden, men har potensiale for negative effekter.

Det skriv Miljødirektoratet i svarbrev til Korsbrekkeelva elveeigarlag og opprettheld Statsforvaltaren sitt vedtak frå 28 mai 2021 om ikkje å gje løyve. Dermed er ein nær hundre år gamal praksis med opptak av stamlaks og produksjon av 100.000 lakseyngel ved klekkeriet i Husøyna historie.

Det var i 2021 at elveeigarlaget fekk avslag på søknad om opptak av 30 stamlaks til yngelproduksjon. Statsforvaltaren la i vedtaket vekt på ein evalueringsrapport som konkluderte med at kultiveringa gav lite tilslag og framsto som lite hensiktsmessig:

Dette var elveeigarlaget ikkje samde i og klaga på vedtaket til Miljødirektoratet. I klaga skriv elveeigarane at Korsbrekkeelva er kort og har lite gytegrunn,  er sårbar på grunn av kraftregulering og forekomst av oppdrettslaks. Laget skriv at kultivering har vore viktig for ei laksestamme der bestanden har vore stabil og sterk.

Etter svært lang behandlingstid har Miljødirektoratet sendt sitt svar der dei opprettheld Statsforvaltaren sitt avslag. Avslaget kan ikkje påankast.

Her støttar Miljødirektoratet seg på ein rapport frå Vitenskapeleg råd for lakseforvaltnings(VRT) kunnskapsoppsummering der konklusjonen er at kultivering i berre unntakstilfelle tek vare på trua bestandar i naturen:
VRL har vurdert Korsbrekkeelva til å ha middels stor laksebestand. For 2015 – 2019 er gytestandsmålet og haustbart overskot «svært godt». Det er sansynleg at det haustbare er større enn det som er utnytta. heiter det.

Avslaget blir også begrunna med at kultivering i Korsbrekkeelva viser at i åra 2013 -2015 var andelen av kultivert laks mellom 2.5 og 4.0 prosent.
Dette er Korsbrekkeelva elveeigarlag usamde i. Leiar i elveeigarlaget Glenn Wernersen Stadheim har tidlegare opplyst til hellesylt.info at skjellprøver av det fiskarar tek opp er laks av Korsbrekkestamma.

Men uansett, det blir ikkje opptak av stamlaks og yngelproduksjon ved klekkeriet i Husøyna som rundar 90 år. Det er forgale synest Arne Korsbrekke, tilsynsmann og forvaltar av lakseklekkeriet i over 60 år.

Arne Korsbrekke med ein laks på 13 – 14 kilo, klar for stryking: Til høgre Glenn W. Stadheim.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380