Lokalnytt

Hausttakkefest og utdeling av bøker i kyrkja søndag

Som alle år tidlegare er det Sunnylven bygdekvinnelag som har pynta Sunnylven kyrkje til hausttakkefest. (Foto frå arkivet)

Under gudstenesta i Sunnylven kyrkje søndag 18. september er det hausttakkefest, utdeling av kyrkjebøker og presentasjon av konfirmantane.

I kyrkja på søndag vil alle bli møtt av ei vakkert pynta kyrkje søndag. Det er damer i Sunnylven bygdekvinnelag som har gjort kyrkja enno vakrare i haustens fargar.

Det skjer så mykje i Sunnylven kyrkje søndag. Den årlege hausttakkefesten, og to-åringar og fire-åringane vil få sine kyrkjebøker. Også tre-åringane får bøker om dei møter opp, for grunna covid-restriksjonar i fjor vart det aldri samling for tre-åringane i kyrkja det året. No er dei hjarteleg velkomne. skriv prestevikar Ann Kristin Langeland i e-post til hellesylt.info, og fortel meir om alt som skal skje under gudstenesta.

Årets konfirmantar

-Elevar frå småskulen vil også vere med i gudstenesta. Om det er andre barn som vil vere med, er sjølvsagt også dei velkomne. Barna må gjerne ta med ei lita korg med frukt eller grønt som vi saman ber inn i kyrkja.
Det er også fire spente ungdommar som skal vere med i gudstenesta på søndag. Det er årets konfirmantar, og dei vert presenterte for kyrkjelyden og vil vere medhjelparar.

Gunnar Inge Eide, Kristin Storstein og Eirin Syversen vil syte for at vi får vere med å synge fine songar. Ann Kristin Langeland er liturg.
Vel møtt til liten og stor, skriv Ann Kristin Langeland, prestevikar i Stordal og Sunnylven

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380