Jakta godt i Nibbedalen
Det vart bokstaveleg tala ein pang-start på hjortejakta i Nibbedalen. På fyrste dag av jakta vart det felt ti dyr, seinare har tre til stubba for velretta skot.
Det er mykje hjort i Nibbedalen på denne årstida. På eit jaktområde som strekker seg frå Fredheim til nordenden av Geilskredvatnet i Norangsdalen kan eit to-sifra antall skarpskodde jegerar jakte. Hjortekalvar er det fri løyve på og det kan skytast mange koller, fortel jaktleiar Leif Arne Fivelstad. At løyvet omfattar berre to spissbukkar og to andre hann-dyr er dei mindre nøgde med, men slik er det bestemt og det forheld dei seg til.
Vi tok turen i Nibbedalen og møtte fire av jegerane i hjorteslakteriet på Sæter. Leif Arne Fivelstad, Torstein Fivelstad, Jakob Sæther og Daniel Støverstein fortel at det blir jakta når dei har tid til alle tider på døgnet, men gjerne helst tidleg om morgonen eller litt seint på kveld.
Til no har det blitt sju kalvar, resten mordyr på jaktlaget. Og vektene på kollene er om lag som tidlegare år, rundt 60 – 70 kilo, seier Leif Arne etter ein sjekk i jaktprotokollen.
Jaktlaget i Nibbedalen har bygd om sauefjøsen i ei driftsbygning på Sæter til hjorteslakteri, eit rom med høg standard og kjølelager. Då hellesylt.info var innom skulle dei fyrste skrottane alt skjerast ned.