Lokalnytt

Konsert i Sunnylven kyrkje måndag.

Rose Iren Stave og Per Grønli held konsert i Sunnylven kyrkje måndag kveld.

Som forspel til festspela i Geiranger, blir det konsert i Sunnylven kyrkje i Hellesylt mandag. Rose Iren Stave og Per Grønli kjem med ein variert konsert, folketonar, barokk og brudemasjar, m.m.

Av Gunnar Inge Eide

Rose Iren Stave har arbeidd som kantor i Sykkylven i over 30 år. Ofte har Per Grønli spelt saman med henne i gudstenester og andre kyrkjelege handlingar, og på konsertar.
Komande måndag kjem dei to med litt av reportoaret sitt og held konsert med mykje gledefylt musikk. Dei har valt ut eit reportoar med m.a. bruremarsjar og barokk.

Som kjent er det eit vell av fine folketonar frå vårt distrikt, og vi skal få høyre bruremarsj etter Nakke-Petter, Blinde-Karl og Carl Tandstad, men også ein nyare bruremarsj, skrive av dr. Reidulf Lillebø.
Frå barokken har dei valt ut noko av Bach og Telemann. Dei vil også spele ei lita perle av eit arrangement som domkantor Kåre Nordstoga har skrive til Per Gønli over folketonen «I himmelen».
Og orgelet i Sunnylven kyrkje skal få klinge ut i Iver Kleive sin store Toccata over «Store Gud vi lover deg».

Konserten i Sunnylven kyrkje måndag 26. september er klokka 19.00, gratis inngang, men kollekt ved utgangen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380