Kyrkjekonsert med røynde musikarar
Vakre tonar strøymde ut i Sunnylven kyrkje måndag kveld der Rose Iren Stave på orgel, og Per Grønli trompet heldt konsert.
Det vart ei stor og gild kveldsstund for dei frammøtte i Sunnylven kyrkje måndag. Dit hadde to røynde musikarar, Rose Iren Stave og Per Grønli hadde teke turen frå Sykkylven.
På repertoaret stod mykje og varier musikk, frå bruremarsjar, folketonar, barokkmusikk til Iver Kleive sin Toccata over Store Gud vi lover deg. Framføringa av det «omarbeida» musikkverket av Kleive vart eit høgdepunktet for mange, vil vi tru.
Rose Iren Stave er ein fantastisk organist og imponerte i mange av musikkverka, men spesielt i det nemde Iver Kleive-verket. Det var magi på tangentane og på toneskalaen, noko publikum sette pris på med stor applaus.
Også Per Grønli gjekk høgt i toneleie på sin trompet fleire gonger, nesten så vi ikkje forsto at det gjekk ann.
Vi fekk nokre få ord med dei to ved utgangen. På spørsmål snakka Stave godt om orgelet, det var eit flott instrument og godt å spele på. Og så gjekk tonane så fint i lag med trompeten, tykte ho.
Også Per Grønli let vel over sitt fyrste besøk i Sunnylven kyrkje, -eit hus med ein fin klang for konsertar, sa han.
Konsertkonfransier Gunnar Inge Eide hadde med blomar til dei to som han overrekte før det vart eit ekstra nummer på piano og trompet. Trompet-polka av Hans Peder Nilsen har publikum alltid ønska seg som avslutning på konsertar, sa Grønli. Med den tona også konserten i Sunnylven kyrkje ut måndag kveld.