Notiser

Larsnes og Sunnylven G14 delte poenga

Bilde frå kampen Larsnes – Sunnylven.

Kampen mellom Larsnes -Sunnylven vart spelt på naturgras på Larsnes stadion tysdag og enda 2 – 2. Dette var Sunnylven sin fyrste kampen på naturgras sidan Lerum-cup i sommar.

Det stod 0-0 til pause. Sunnylven var nærast i fyrste omgang med eit skot i tverrliggaren.

Etter kun 1 minutt av andre omgang tok Sunnylven leiinga. David spelte fram Oskar som sette ballen sikkert forbi Larsnes sin målvakt.
Sunnylven gjekk deretter opp i 2-0 leiing. Ingeborg vann ballen i forsvar, spelte fram Trym som krangla med seg ballen forbi fleire Larsnes-spelarar før han spela vidare til David som sette ballen i mål.

Kampen bølga fram og tilbake før Larsnes fekk to raske mål 6-7 minutt før slutt. Begge lag hadde sine sjansar til å avgjere kampen, men det ebba ut med poengdeling.
G14 sin faste keeper var sjuk så Oskar stod i mål i fyrste omgang og Sander i andre omgang. Begge klarte seg fint i mål.
Sunnylven sitt lag: Ari, David, Trym, Oskar, Ingeborg, Johannes, Sander og Sina.

Jentelaget tapte

I ein kamp for J13 tapte Sunnylven mandag 3 – 5 borte mot Ørsta 2.
Kampen vart spela i Kiwi-hallen.

Sunnylven hang godt med i starten og tok leiinga 1-0 ved Kristin Langeland.
Ørsta utlikna før Ingeborg Fivelstad Stadheim igjen førte laget opp i leiing.

Ørsta snudde kampen med to raske mål av Elen Flem Øye før Kristin utlikna til 3-3.
Heimelaget auka deretter leiinga til 5-3 og dette klarte ikkje bortelaget å svare på.

Ny kamp for J13 fyrstkomande søndag heime mot HaNo.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380