Ljøvegen fylkesveg 60 er 60 år
Aldri har så mange vore samla på ein gong og same stad i Sunnylven som ved Solborg skule laurdag 22. september 1962. Då vart Ljøvegen, den nye ferdselsåra mellom Sunnylven og Stranda opna.
På torsdag 22. september 2022 er det 60 år sidan Vegdirektør Thomas Backer klipte silkesnora og erklærte veganlegget Sunnylven – Stranda for opna.
Dette var ein av dei store merkedagane i Sunnylven, bygda hadde fått heilårsveg til Stranda og vidare til Ålesund, og slapp å vere avhengig av ferja på Sunnylvsfjorden.
Rett nok var ikkje vegen rastrygg vinterstid, men det er historie no etter store utbetringar frå 2013 til 2016.
Lang byggetid
Ljøvegen vart det ein revolusjon i trafikkmønsteret på indre Sunnmøre. For Sunnylven som var eiga kommune i dei åra, betydde vegen mykje både for vanlege folk og for næringsutvikling i bygda.
Men med det utstyr som var tilgjengeleg midt på 1900-talet tok det si tid å få vegen ferdig. Vegarbeidet starta i 1938, og fyrste tunnelsalven gjekk av 20. januar 1948, les vi i ein artikkel i Bygdeminne, skrive av Arild Ringdal.
På Ljøvegen vart det fire tunnelar med Ljønibba tunnel som lengste på 2490 meter, det var Norges lengste i 1962.
Strekane tunnel var 1.090 meter, Hamregjølet 590 meter, og Storfossen tunnel 260 meter. Det vart frakta vekk 250.000 kubikkmeter fjellmasse frå dei fire tunnelane.
Rasutsett vinterstid
For Sunnylven var Ljøvegen eit stort framsteg. Folk kunne forflytte seg ut av bygda til naudsynte gjeremål utan å bruke heile dagen, og næringslivet nådde nye markeder.
Men Ljøvegen var ikkje rastrygg så når snøen kom vart det ofte vegstenging. På 2000-talet kom arbeid i gang med planlegging for å gjere den mil lange vegen mellom Hellesylt og Røyr i Strandadalen til ein trygg heilårsveg.
Fire tunnelar vart til to
Den 21. august 2013 var det opning av «nye» Streketunnelen. Den var forlenga i begge endar til ei lengde på 3.8 km. og fleire fonnstrek var fjerna.
Framleis stod fårlege parti igjen på Ljøen og Herdalen, men også det vart utbetra med ei 56 meter lang bru på Ljøen der det i tillegg kom eit flott utsiktspunkt, ny Ljøtunnel og rasvollar og betongtunnel på Røyr.
Autostrada gjennom Ljønibba
Like før jul, 17. desember 2016 vart dei siste rassikringtiltaka på fylkesveg 60 mellom Hellesylt og Stranda markert med stor opningsfest midt inne i Ljøtunnelen. Denne tunnelen må vere ein av dei flottaste i landet, ei storstove midt inne i Ljønibba med ein autostrada til køyrebane.
Torsdag 22. september 2022 er det 60 år sidan Ljøvegen, ei av dei viktige samferdselsårene på Sunnmøre vart teke i bruk.