Magnus Takvam på kaffibaren laurdag
Magnus Takvam er for mange kjent som politisk kommentator i NRK i ei årrekke. No er den jobben over, men reiser ein del på samkomer med foredrag rundt om i landet.
Eit lag som får besøk av Magnus Takvam er Stranda pensjonistlag laurdag 1. oktober. På sitt medlemsmøte og markering av FN sin eldredag kjem han til Storfjord kulturhus for å kåsere og fortelje frå boka han har skrive om mor si Marie Takvam.
Før det same dag blir Magnus Takvam å treffe på Hellesylt Boutique & Bar der han vil selge og signere i boka til alle som ønskjer å kjøpe.
Takvam blir å treffe på kaffibaren på Hellesylt laurdag 1. oktober frå klokka 12.00.