Lokalnytt

Mange cruiseturistar besøkte Peer Gynt galleriet

Ellen Taraldset har masse godt av bakevarer i salsdisken ved Hægstad Gård/Geiranger bakeri.

Tysdag denne veka låg cruisebåten MSC Virtuosa på Hellesylt heile dagen. Mange av cruiseturistane besøkte utstillinga i Peer Gynt galleriet.

Det har vore bra besøk av publikum som kjem for å sjå kunstnaren Oddvin Parr sine treskurdrelieff frå Per Gynt, og samstundes høyre forteljinga om levemannen og hans verden gjennom lyd og lys.

Tysdag 30 august låg cruiseskipet MSC Vertuosa på Hellesylt og mange var innom butikkar og andre servicebedrifter, mellom anna Hægstad Gård/Geiranger bakeri.

Besøkte Peer Gynt-utstillinga

Det var svært bra besøk, kan Anders Adolfsson fortelje, mellom anna fann rundt 30 engelske cruiseturistar vegen innom Peer Gynt galleriet og utstillinga der. Det var av beste besøket på ein dag for heile sommaren, seier Adolfsson.

Framleis reiser mange turistar gjennom Hellesylt og på Hægstad Gård/Geiranger Bakeri går bollar og brød unna. Då vi var innom torsdag 1. september gjekk det i sal av fiskesuppe med brød til.

Sel bakevarer og skriv batchelor

Bak disken stod Ellen Taraldset, nytilsett for hausten, og skal jobb der tre dagar i veka i alle høve fram til nyttår, fortel ho. Resten av vekedagane skal ho bruke til å skrive ferdig si Batchelor-oppgåve i «PR kommunikasjon og media», om koronatiltak for musikarar og korleis kommunikasjonen mellom Staten og musikarane fungerte i pandemitida.
Ellen Taraldset bur til vanleg på Sandane med barn og sambuar. No har ho fått seg bustad hos mor si på Hellesylt, og når det ikkje er kafe-arbeid eller batchelor-skriving blir det pendling til Sandane, seier ho.

Sommaren på Hellesylt

Etter ein kort ferie er det full fart igjen hos Geiranger bakeri for Anders Adolfsson. Han kan sjå tilbake på ein spanande sommar og på årets nye arrangement, «Kulturdagar på Hellesylt»:
Det vart ikkje den publikumstilstrøyming han hadde håpa på, men økonomisk gjekk det betre enn han frykta. Han er klar for nye slike arrangement neste år, men håper at fleire kan samarbeide og planlegge underhaldningssommaren i lag på Hellesylt.

Opningsdagar i haust

Ved Hægstad Gård/Geiranger bakeri blir det ope i alle fall tre dagar, tysdag, onsdag og torsdag ut september månad, seier Anders Adolfsson. Opningstider seinare i haust kjem han tilbake til.

Skulle det vere nokon som vil feire noko eller har bruk for lokale til eksempelvis årsmøter er det berre å ta kontakt, seier han.
Bruk gjerne e-post i staden for å ringe, seier han. E-post er: bestilling@geirangerbakeri.no

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380