Mange til kyrkje og hausttakkefest

Mange kom til gudsteneste i Sunnylven kyrkje søndag. Der var det hausttakkefest, presentasjon av årets konfirmantar og utdeling av kyrkjebøker til unge born.
-Eg har gleda meg skikkeleg til i dag, til å møte mange born i kyrkja. Det sa prestevikar Ann Kristin Langeland då ho ønska vel møtt til born og unge, foreldre, besteforeldre og andre.
Og frammøtet var godt i Sunnylven kyrkje denne søndagen som var årets hausttakkefest, men også med presentasjon av fire konfirmantar, og utdeling av kyrkjebok til 2-åringar, 3-åringar og 4-åringar.
Sunnylven bygdekvinnelag hadde pynta vakkert i kyrkja der gudstenesta opna med prosesjon av dei unge som bar med seg korger av årets grønnsaker og frukt. Og det vart mykje vakker song med Eirin Syversen og Kristin Storstein som forsangarar. Ved orgel og piano sat Gunnar Inge Eide.
I preika snakka Langeland om Guds skaparverk. Alt kring oss, i sjø på land og i lufta var hans verk, sa ho og gjorde innhaldet forståeleg med å vise bilete på stor skjerm, noko som dei aller yngste lika godt.
-I dag er det hausttakkefest. Vi vil takke for alt vi har fått og hausta, for vi er mellom dei heldige her på Hellesylt som har rikeleg av mat og anna vi treng, sa Ann Kristin. Men ho kom med ei lita påminning til slutt om viktigheita av at alle er med og tek vare på naturen og jorda vår.
Under gudstenesta fekk kyrkjelyden møte årets konfirmantar. Ronja Mari Tronstad, Trym Helset, Markus Alme og Adrian Sporstøl Ravelo skal dei neste månadane ut på ei «pilegrimsreise» som Ann Kristin Langeland kalla konfirmantundervisninga. Den skal ho gjere saman med trusopplærar Martin Kristoffersen.
Så var det utdeling av kyrkjebok til dei aller yngste, ein livat og fin gjeng som takka for bøkene dei fekk med fleire fine songar saman med Eirin og Kristin.