Lokalnytt

Ny siger til G14-laget

Sunnylven sitt G14 -lag sikra seg alle poenga då dei van 2 – 0 over Vanylven på Hellesylt stadion torsdag. Alle måla kom i fyrste omgang.

Kampen mellom Sunnylven og Vanylven vart eit tett og spanande oppgjør. Begge lag hadde sine sjansar til mål i fyrste omgang, men det var heimelaget som tok best vare på dei.
Vel halvvegs i omgangen la Sander inn framfor gjestane sitt mål og der var David og «pirka» ballen over linja til 1-0.

Litt seinare fekk Sander sjansen på nytt og fyrte av sjølv. Det skotet hadde ikkje Vanylven sin gode og heldige burvaktar sjanse på.

Og det kunne fort blitt fleire mål til heimelaget, det small i tverrstonga og skot susa like utanfor, men etter avtalt 30 minutt bles kampens gode domar Odd Even Svindseth VRF av fyrste omgang med 2-0 til Sunnylven på tavla.

Mållaust i andre

Andre omgang vart mållaus sjølv om begge lag kunne ha skåra. Men Tonje i mål til heimelaget stod ein god kamp og heldt nullen. Også to andre jenter, Sina og Ingeborg spelar mykje på gutelaget, og torsdag leverte dei på nytt solid og tøff forsvarsinnsats, så tøft at Vanylven med tre 2007-gutar på laget fekk til lite presist i angrep.

Det er aldri lett å kome til Hellesylt stadion å hente poeng mot G14. I denne kampen var alle spelarar i godt kamphumør, og viste den innsatsen som eit talrikt publikum kom for å sjå. Det enda med siger 2-0.

Sunnylven har no 10 poeng, same poengsum som dei to andre laga som toppar tabellen., Ørsta / HIL2, og Valder/Vigra/Ellingsøy. Ørsta /HIL2 har ein kamp mindre spela.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380