Lokalnytt

Rapporten Grønn kai 2022 er klar

Hellesylt og Geiranger har alt fått utsleppsfrie båtar på fjorden. På bilde demonstrerer Frank Bonsaksen frå selskapet Bonseye AS den nydøypte rib-båten «Grøn arv» ved Grande i Geiranger. Selskapet har tinga fleire elektriske rib-båtar

Nyleg vart rapporten Grønn kai 2022 lagt fram, ein rapport som tek for seg utfordringar i høve forbodet mot utslepp frå cruiseskip og ferjer i Geirangerfjorden og området frå 1. januar 2026.

Fyrste januar 2026 blir eit vendepunkt for kommunen og regionen, det skriv gruppa av studentar og andre frå NTNU som har utarbeidd rapporten Grønn kai 2022. Rapporten vart lagt fram 21. september i år.

I eit fyldig dokument på over 70 sider blir det peika på fleire utfordringar, men også løysingar og tiltak på både sjø og land for å oppfylle Stortinget sitt ønskje til regjeringa om å vedta kravet om utslepp frå cruiseskip og anna skipstrafikk i turistfjordar.
Formålet med å utarbeide rapporten er å kome fram til gode løysingar utan å stenge fjorden for cruisetrafikk, skriv årets sommarteam som har jobba fram eit fyldig dokument.
Arbeidet er utført av åtte studentar frå NTNU i Ålesund og veiledarar frå NTNU. Hamnesjef i Stranda, Rita Berstad Maraak har vore tett på gruppa med oppfølging, gode tips og idear, les vi.

Gruppa har vurdert fleire måtar å vise fram Geirangerfjorden og området etter eit endeleg vedtak om nullutslepp. Tauing av cruiseskip inn og ut Geirangerfjorden var vurdert, men ei slik løysing blir ikkje anbefalt, heller ikkje tauing av ei flytande kai frå skrota oppdrettsanlegg.

I rapporten blir det sett på nullutsleppsfartøy, mindre elektriske båtar som kan frakte gjestar til og frå på fjorden, mellom Hellesylt, Geiranger og Stranda. På desse stadane blir kaifasilitetane sett på og vurdert, og alle stader må det utbetringar til.
På Hellesylt har gruppa landa på ei vidare utbygging av cruisekaia med betongdekke over det opne partiet der det i dag står nedpæla røyr, og ein flytande del i tillegg.
Får Hellesylt ei slik utbygging blir det eit kaianlegg som vil pryde området.

Geiranger har i dag lite ladestraum, men dette kan løysast med energiberar i powerbarge, heiter det. Powerberge er ein lekter med batteri og kan best samanliknast med ein nødladdar for mobiltelefon.
Rapporten omhandlar grundig måtar å ladde ein powerbarge på.

Som nemt tidlegare er Grønn kai 2022 ein omfattande rapport med mykje detaljert innhald det tek tid å setje seg inn i. Det bør vere eit godt verktøy til å gå vidare på utfordringar som kan kome og finne løysingar som vil halde oppe ein god cruisetrafikk også i framtida.

Vi bad hamnesjef Rita Berstad Maraak om ein kommentar til rapporten, og ho skriv tilbake på sms;

-Først så er vi stolte og imponert over arbeidet som er utført.
Vi har fått idear, innspel og nytting bakgrunnsinformasjon.
Sjøfartsdirektoratet har fått eit oppdrag av KLD på å svare ut korleis eit vedtak om nullutslepp skal løysast. Høyringsdokumenta er klare i oktober.

Reknar med at saka og instillinga er klar i mars/april 2023. Først etter den tid og etter ei grundig vurdering og diskusjon i styret, og ei avklaring med eigar kan vi bestemme vegen vidare.
På Hellesylt er det også mykje som foregår i samband med ferjekai som er gjenstand for avklaring.

MEIN SCHIFF 4 viste godt igjen fleire gonger på Hellesylt i sommar

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380