Lokalnytt

Ryddar i kulturbedehuset for nye, gode besøk.

Den historiske utstillinga i kulturbedehuset på Hellesylt hadde bra besøk i sommar. Og to samlingar med underhaldning vart spesielt godt motteke og fylte det gamle bedehuset frå 1890. No blir lokalitetane utvida.

-Det har gått svært bra etter at vi etablerte oss med den historiske utstillinga som for det meste handlar om Sunnylven og sunnylvingar, og fleire var innom for å sjå også sist sommar. Spesielt var arrangementa med felespelar Britt Pernille Frøholm som spela slåttar og fortalde om Kjellstad-spelemennene, og utflytt sunnylving Asbjørn Tryggestad som kåserte om diktaren Ivar Ringdal kjempestore suksessar med fullsett bedehus. Slike samkome vil vi gjenta så no ønskjer vi å utvide lokala, både med meir plass til publikum, men også for utstilling av nye ting.
Det seier Anne Jorun Sæten som er med i leiinga for den lokale utstillinga i kulturbedehuset.

Leiinga for kulturbygget har i haust fått hjelp av nevenyttige folk frå Byrg kompetansesenter på Stranda med ein del opprydding innvendig. I kjøkkenet på bedehuset er den gamle kjøkkeninnreiinga riven bort, og dei har hjelpt med rydding også i kjellaren der det har vore ein del vassinntrenging.

Gode hjelparar frå Byrg kompetanse på Stranda har fjerna den gamle kjøkkeninnredninga. Eit nytt utstillingsrom blir klargjort.

-Om det er av interesse kan til dømes bygdekvinnelaget ha ei utstilling av reiskap og kjørel for baking, (og brygging ?) i kjøkkenrommet. Eller kanskje er det andre personar eller lag vi bør presenterer, seier Anne Jorun Sæten.

I den store salen blir talarstolen flytta litt på for å gje plass til ekstra stolar under kulturarrangement, og eit stort elektrisk orgel kan bli kulturskulen sitt om dei er interessert.
Også på galleriet har sterke Byrg-hender rydda så no har det retta seg mykje, seier Anne Jorunn Sæten som er glad for hjelpa dei har fått.

-Vi gler oss til neste sommar, til arrangement med og om kjente personar frå bygdelaga. Vi har alt avtala med dei fyrste, og kanskje blir det gjenhøyr med underhaldningskreftene som var på kulturbedehuset i sommar. Vi får sjå, avsluttar Anne Jorun Sæten.

Utstillinga i bedehuset på Hellesylt er opa for innsteg berre i sommarhalvåret.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380