Sigrid Moldestad med konsert på Hellesylt
Har du sikra deg billett til konsert med artisten Sigrid Moldestad? Fredag 30. september blir ein fantastisk kveld i Sunnylven samfunnshus på Hellesylt med konsert av den kjente artisten.
Artist Sigrid Moldestad, vide kjent for sine flotte framføringar av song og musikk kjem til Hellesylt fredag 30. september.
Sunnylven Pensjonistlag brukar å markere FN sin eldredag 1. oktober med arrangement og gode underhaldningskrefter. I år har laget sikra seg av det aller beste innan song og musikk, nemleg Breimsbygda sin berømte artist Sigrid Moldestad.
Alle er velkomne
Det er høve til å kjøpe billettar ved inngangen konsertkvelden, men også på førehand ved Joker, Hellesylt og på Stranda bokhandel, Stranda.
Konserten er open for alle og billettpris har lage sett til kr. 300.-. medlemer i Sunnylven pensjonistlag betaler 200.-
Om det er andre frå omkringliggande bygder, eller pensjonistar frå andre lag som har lyst å kome på konserten er dei hjarteleg velkomne, seier leiar i Sunnylven pensjonistlag, Astrid Langeland.
Feirar ein dag på forskot
På Sunnylven samfunnshus blir det konsert i godt og vel ein time fredag 30. september.
-Moldestad hadde ikkje høve til å møte på FN sin eldredag 1. oktober så difor har vi flytta fram konserten til fredag dagen før.
Astrid Langeland opplyser at konserten er klokka 20.00, men før det kan medlemane i pensjonistlaget møte klokka 18.00 til lagsmarkering av eldredagen og til ei enkel servering.
Imponerte på Storfjordstemne
Sigrid Moldestad var i Sunnylven i august i fjor under Storfjordens Venner sitt sommarstemne på Ljøen. Konserten saman med tre andre musikarar vart ei stor oppleving for alle frammøtte.
-Det vart ein magisk konsert av ein multikunstnar med gud-benåda evner, skreiv hellesylt.info den gongen.
Og leiar i Storfjordens Venner, Inge Bjørdal sa det på denne måten om konserten; -Det er vanskelag å finne ord, men ubetaleleg heiter det vel.
Sjølv rosa Sigrid Moldestad staden på Ljøen og utsikta, den var berre imponerande, sa artisten som gav ut ei ny plate, «Tonen i meg» i 2021.
Håper på fullt hus
-Vi gleder oss mykje og håper den nyrenoverte samfunnshussalen blir fylt til siste stolrad, seier Langeland og legg til.
-Vi i pensjonistlaget har fleire sponsorar som støttar laget i drifta. Takka vere dei kan vi hyre inn artistar frå «øverste hylle». Vi takkar alle så mykje, men denne gongen Sparebanken Møre spesielt som har støtta konserten økonomisk.