Siste dag med faste rib-dagar i år
Fredag 30 september var siste dag med faste rib-turar på Geirangerfjorden med opplevingsselskapet Bonseye for i år. Men selskapet utført turar på bestilling etter ønskje.
Også på den siste faste turdagen var det kundar som ønska seg tur på Geirangerfjorden som fredag 30. september var pynta i haustfargar. På plass i Geiranger var dagleg leiar i selskapet, Bente Bonsaksen og Lucie Sankova frå Tjekkia som har jobba med sal for selskapet.
Årets sesong har vore bra, sa Bente Bonsaksen. I motsetnad til 2021-sesongen som var prega av korona, var cruisebåtane tilbake i år med mange utanlandske turistar som ville oppleve Verdsarvfjorden på nært hald. Turane vart også guida og det vart køyrd lenger turen på fjorden enn i fjoråret. Utan å ha full oversikt føler ho at 2022 var eit godt år for selskapet.
Selskapet Bonseye har tinga to nye rib-båtar, Dei er forsinka frå leverandør, men i sesongen 2023 vil selskapet ha fire rib-båtar i drift, fortel dagleg leiar Bente Bonsaksesn.