Lokalnytt

Statsforvaltaren har trekt alle motsegner.

Det går mot godkjent reguleringsplan for Hellesyltneset og meieritomta. Dermed kan bygginga av Basecamp Hotel Hellesylt halde fram.

Det går mot godkjenning av reguleringsplan for området Hellesyltneset og meieritomta på Hellesylt. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal hadde merknader til planen, men har trekt alle.

-Vi tok ein tur til Molde i august for å prate ut om ein del detaljar i reguleringsplanen med Statsforvaltaren, og det vart eit nyttig møte for begge partar trur eg.
Det seier ordførar i Stranda Jan Ove Tryggestad som saman med representantar frå kommuneleiinga og folk frå Flakk Gruppen fekk lagt fram kommunen og utbygjar sine synspunkt.
På møtet vart detaljar justert, og etter møtet vart eit nytt utkast til detaljregulering på Hellesyltneset og den gamle meieritomta lagt fram.

Det var spesielt tre ting Statsforvaltaren bemerka, fri ferdsel og turveg sør for planområdet, trafikken over Hellesylt bro, og avløpsrensing.

Peikar på trafikktryggingstiltak

I brev til Stranda kommune 12. september har Statsforvaltaren i Møre og Romsdal trekt alle motsegner, men kommentert punkta med oppmoding om å finne løysingar, mellom anna trafikken over den smale Hellesylt bro.
I svarbrevet blir det peika på trafikktryggingstiltak som skil mjuke trafikantar frå biltrafikken, rekkver mellom eit fortau og køyrebane, lysregulering, fartsgrense, eller ei gangbru inntil Hellesylt bro, til dømes av same system som langs Geirangerelva.
På Hellesylt blir det jobba med flytting av ferjekaia, noko som også vil redusere trafikken forbi hotellet i sommarhalvåret.

Har senka framdrifta

Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad var lite glad for motsegnene som senka framdrifta av nytt hotell på Hellesylt. Men etter å ha fått brevet frå Statsforvaltaren denne veka er han i langt betre humør.
Når det gjeld trafikken forstår han ikkje at den skal vere eit større problem no meir enn tidlegare.
-Før gjekk all cruisetrafikk over den gamle ferjekaia, no er den flytta til ny cruisekai, der var eit meieri med trafikk til og frå, og Grand Hotel har stått der med sin trafikk frå tidleg 1900-talet.
Motsegnene har sinka restaurering og bygging av hotell på Hellesylt. Det var ein krig frå fleire om å få behalde gamle Grand Hotel, men når det vart vedteke og arbeidet kom i gong var det andre problem som kom fram.
No går det mot ei løysing og det skal i alle fall ikkje stå på kommunen for å få hotellplanane realisert, lovar ordføraren.

Til vedtak i kommunestyret

Ordførar Tryggestad er glad for Statsforvaltaren sitt vedtak, at ein detaljert reguleringsplan kan vedtakast og at arbeidet med å få reist eit hotell på Hellesylt kan halde fram.
Reguleringsplanen har vore oppe til behandling i Hovedutval for plansaker der det vart gjort dette samrøystes vedtaket:
-Reguleringsplanen for Basecamp hotel Hellesylt blir vedteke.
-Vedtaket er gjort i medhald av plan -og bygningslova.

Etter som alle motsegner er trekte kjem reguleringsplanen opp til godkjenning i kommunestyremøte i Stranda 28. september.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380