Lokalnytt

Stranda mållag ønskjer seg fleire medlemer

Stranda mållag har litt over 60 medlemer. Dei ønskjer seg fleire med på laget der 1. oktober er den store vervedagen til Noregs mållag

Sjølv om 1. oktober er den store vervedagen er alle andre dagar også vanlege vervedagar, heiter det i skriv som Stranda mållag har sendt til sine medlemer.

-Språket er viktig for alle – enten det er skrift eller tale, og sjølv om nynorsken og dialektane har ein solid posisjon, er press frå fleire hald merkbart. Difor trengst det fleire støttespelarar, også i våre område, heiter det.

-Vi vender oss med dette til deg og ber deg om å ta del i vervinga. Kanskje har du ein kollega, ein granne eller ein kjenning som kan tenkje seg å verte medlem i mållaget. Det kostar lite å spørje!

Nye medlemmer betaler berre 200 kroner frå 1. oktober og ut 2023. (Ordinær kontingent er om lag 400 kroner i året.) Ein kan melde seg inn på fleire måtar:

  1. Send sms, merka nynorsk til 200 kroner vert lagt til mobilrekninga.
  2. Gå til nm.no/innmelding , og fyll ut innmeldingsskjemaet.
  3. Ring til 230 02 930, og be om å verte medlem

Med ein annan fullt betalande medlem på same adresse, kan du vere husstandsmedlem. Prisen for 2022/23 er 200 kroner, deretter halv medlemspris. Dei som er under 26 år, kan også melde seg inn i Norsk Målungdom.

I styret for Stranda mållag er desse med:
Anders Folkestad (leiar)
Inge Bjørdal
Agnes Havnen

Nils Einar Ringstad
Martine Rørstad Sand

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380