Lokalnytt

Studentar fann «Konge på haugen»

I sommar var åtte studentar frå NTNU i ålesund og Stavanger i Stranda kommune og jobba fram rapporten Grøn kai 2022. Dei besøkte bygdelaga Stranda, Hellesylt og Geiranger, men fekk ikkje berre positive inntrykk.

I forordet til rapporten blir arbeidet omtala. Det vart jobba i seks veker og studentane var innom Stranda, Hellesylt og Geiranger for å samle opplysningar og idear.

-Aktørar i heile kommunen og regionen må saman når cruiseturismen slik vi kjenner den i dag, blir borte, heiter det innleiingsvis i rapporten Grønn kai 2022, men så kjem dei med eit lite «spark» til aktørar innan næringslivet i dei tre bygdelaga;

-Ein ting vi beit oss merke i alt fyrste dagen då vi var på synfaring i Geiranger, Hellesylt og Stranda var inntrykket «konge på haugen».
Studentane har gjennom heile sommerprosjektet opplevd at aktørar frå næringslivet gjerne ville ha alle løsningane og alle turistane til sin plass.
Vi set igjen med ein følelse av lite samarbeidsvilje mellom tettstadane for å nå målet i 2026, skriv dei og held fram;

-Vi synes dette er ei uheldig haldning. Særleg når 2026 kjem så fort som det gjer. Einaste måten ein kan nå nullutslepp i fjorden er om også næringslivet kan samlast om å finne ei løysing for heile Stranda kommune.

I framtida blir det viktigare enn nokon gong å selge Stranda kommune som turistattraksjon, ikkje berre Geiranger. Det må difor lagast turistattraksjonar i heile kommunen og ein må vere viljuge til å samarbeide med heile kommunen om å lage gode opplevingar-.

Idear og inntrykk frå dei seks vekene til studentane i Stranda kommune vart til ein vel 70 sider store rapporten.

Etterlyser samarbeid

Som ein ser etterlyser dei samarbeid bygdene imellom, at det må til for å halde oppe tilbodet i turistkommuna Stranda. Dei har eit reelt poeng, men korleis kan ein få til eit godt samarbeid.

Kanskje burde dei folkevalde i kommunen gå føre. Kanskje burde dei lære av rådet i staden for å bruke taletid til ordkløyving og kritikk, nedprating av personar som gjer jobben og får fram løysingar.
Vi trur mange synest det går litt mykje møtetid til krangel og litt for lite til konstruktive løysingar. Kanskje er det lurt å prøve litt ros av politiske kollegaer som får fram løysingar, kanskje kan det vere starten på eit viktig og nødvendig samarbeid også mellom bygdelaga.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380