Sunnylven bygdekvinnelag besøkte Ishavsmuseet på Brandal
Sunnylven bygdekvinnelag har gjort som kong Harald og dronning Sonja, dei har besøkt Ishavsmuseet på Brandal. Dit drog 20 personar i strålande ver laurdag 3. september, og det vart heilt konge
Sunnylven bygdekvinnelag har avlyst tur til Ishavsmuseet på Brandal før grunna koronapandemien, men laurdag 3. september var alt klart og mange påmeldt til bussturen.
Ved Ishavsmuseet på Brandal er det to bygningar der det er samla bilder og utstyr som fortel frå historia til ei næring som sunnmøringar starta med i 1898. Selfangst har vore debatert, både elska og hata, men blir drive også i dag.
Farkostane som vart brukt i fyrstninga under barske forhold i ishavet var beskjedne, men etter kvart kom betre skuter i drift. Men livet i ishavet vart siste reis for mange, dei kom aldri heim kan ein lese i ei brosjyre som museet på Brandal har å dele ut.
Også medlemer i Sunnylven bygdekvinnelag har hatt slekt og kjenningar på selfangst, og hadde såleis interesse av å sjå det som er samla i museet.
Dyktig omvisar i det tre etasjar høge bygget var Beathe Holstad. Ho tok turfølge med frå fyrste etasje der det er mottak, kiosk og kafe, til andre etasje med presentasjon av båtar og fangstfolk, til tredje etasje der mange utstoppa dyr av sel, isbjørn, moskus, rev og anna er utstilt.
Sjølvsagt får ein også sjå utstyr som vart brukt under fangsten, og telt for overnatting.
I det heile eit innhaldsrikt museum der ein treng mykje tid om ein skal sjå og lese om alt som er samla frå år med selfangst.
I eit nyare bygg like ved er ishavsskuta Aarvak frå 1912 utstilt, ei spesielbygd selfangstskute publikum kan gå om bord i og sjå forholda fangstfolket levde under.
Ishavsmuseet Aarvak på Brandal er ope frå fire til sju timar alle dagar i sommarhalvåret, og litt mindre i skuldersesongen vår og haust.
Besøkstalet varierer, sa Beathe Holstad, men det har vore bra.
Før turfølgje til Sunnylven bygdekvinnelag drog vidare fekk dei seg servert middag i kafeen og menyen var kvalkjøtt, saus og poteter, og tyttebærsylte.
Kaffi og god kaffimat hadde bygdekvinnelaget teke med sjølve. Den vart servert i sola på Flø, ein avstikkar til ei vakker grend litt forbi Ulsteinvik like ved storhavet.
-Vi har hatt ein fin og interessant tur i dag. Det er fyrste gong eg har vore på Brandal og Flø, men det blir nok ikkje siste, sa leiar i Sunnylven bygdekvinnelag Gunhild Kvam då ho oppsummerte og takka alle for turen. Ho delte ut verbale roser til Anne Marie som hadde planlagt turen, til Grete som hadde reklamert og gjort kjent opplegget, og ho takka bussjåfør Nils Inge for hyggeleg og stødig transport.