Lokalnytt

Sunnylven J 13 møter topplaget.

Sunnylven spelar kamp mot Valder / Ellingsøy på Hellesylt stadion i kveld. Her frå Vigrahallen der dei raude og blå vann 8-3.

Sunnylven J 13 spelar heime på Hellesylt stadion i kveld mot serieleiaren i avdelinga så langt, samarbeidslaget Valder/Ellingsøy. Kampen startar klokka 18.30.

Sunnylven J 13 står med eitt tap og ein siger så langt i haustsesongen. Sigeren kom mot Vigra med 8-3, eit lag kveldens motstandar slo 7-1 tidlegare i sommar. Valder/ Ellingsøy har vunne begge sine kampar i haust og leiar avdelinga saman med Ørsta med 6. poeng. Sunnylven ligg på 5. plass med 3. poeng.

Kampen som startar klokka 18.30 blir spanande, det blir garantert tøffe tak om poenga.
Det er lova fint ver så kom på Hellesylt stadion.

Også G 10.

Også Sunnylven G 10 spelar heimekamp måndag 5. september. Laget møter Haddal City og kampstart er som for jentekampen klokka 18.30.
Enno ein god grunn til å kome på Hellesylt stadion der kiosken er open som vanleg.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380