Lokalnytt

Sunnylven J13 spelar mot SIF/Hessa i kveld.

Sunnylven J 13 møter SIF/Hessa på Hellesylt stadion i kveld kl. 18.30

I kveld tysdag 13. september er det fotballkamp mellom Sunnylven og SIF/Hessa på Hellesylt stadion. Kampen har avspark kl. 18.30

SIF/Hessa gjorde det godt i vårsesongen og vart tredje beste lag etter Valder/Ellingsøy og Hasundgot.
I haust har det blitt ferre poeng for samarbeidslaget frå Ålesund som ligg på 9. plass med eitt poeng. Det kom i kampen mot Gurskøy der dei delte poenga.
Sunnylven har spela tre kampar i haust og står med tre poeng på 5. plass, men i kveld jakta laget sin andre siger. Om dei greier det kan ein sjå ved å møte fram på Hellesylt stadion klokka 18.30.

G10-laget.

Også G10 skal ut i kamp i kveld. Dei spelar borte mot Volda Grøn.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380