Sunnylven med både siger og tap i fotball

Det vart spela to fotballkampar på Hellesylt stadion måndag kveld. Bra med publikum som laga stemning og fekk oppleve spaning.
Siger
Sunnylven G 10 laga målfest mot Haddal City. Lenge stod det mållaust i fyrste omgang, men etter kvart trilla ballen i gjestane sitt mål. Mot slutten av kampen stod det 11-0 til Sunnylven, men så reduserte Haddal City tre gonger, og då domar Per Helge Liseth, Stranda IL bles for full tid var resultatet 11-3 til Sunnylven.
Flott innsats av heile laget der fleire av dei raude og blå spelarane kom i målprotokollen.
Tap
Sunnylven J 13 møtte Valder/Ellingsøy på same stadion måndag kveld. Gjestane er topplaget i avdelinga og har vunne alt så langt i haust. Og det var det beste mannskapet som kom til Hellesylt stadion med mellom anna tre kretslagsspelarar.
Kanskje var respekta for stor for motstandaren, for Sunnylven opna litt forsiktig i fyrste omgang. Dei blå-kvite fekk styre det meste og berre ei Tonje i storslag i målet til heimelaget hindra at ikkje meir enn seks ballar gjekk i nettmaskene før pause for gjestane.
Sunnylven kom meir med mot slutten av fyrste omgang og reduserte to gonger ved Kristin Langeland og Ingeborg Fivelstad Stadheim.
Andre omgang vart meir jamnspela og enda 3-3. Heimelaget sette innpå Oskar Ringdal som dei har lov til. Då vart det både fart, presisjon og knallharde susarar som heimepublikum lika. Og når Tonje står som ein levande vegg i målet var begge lag like gode i andre omgang, men Valder/Ellingsøy vann kampen til slutt 9-5.
Målskorarar for Sunnylven i andre omgang var Ingeborg Fivelstad Stadheim (2) og Oskar Ringdal.
God domar som vanleg i J13-kampar: Odd Even Svindseth, VRF.