Tapte begge kampane tysdag kveld.

Det vart tap i fotball for Sunnylven mot både SIL/Hessa og Volda Grøn. På Hellesylt stadion vann gjestane 4-2, og i Volda vart det heimesiger 7-4.
Det var berre samarbeidslaget SIL/ Hessa som skåra i J13-kampen best på Hellesylt stadion i fyrste omgang. Eit litt «snilt» heimelag gjorde at gjestane leia 3-0 ved då laga tok kvile.
I andre omgang «gira» heimelaget opp fleire hakk og etter halvspela omgang skåra Ingeborg Fivelstad Stadheim. Få minutt seinare vart det ny skåring til heimelaget ved Kristin Langeland og dermed ny spaning.
Men SIL/Hessa heldt fram med godt spel som enda i ny skåring få minutt før slutt. Dermed 4-2 til by-laget og nytt tap for Sunnylven J13.
Mange mål i G10-kamp.
Fleire mål vart det i kampen mellom Volda Grøn på heimebane og Sunnylven i G10-kampen. Der var det Volda Grøn som skåra mest og vann 7-4.
Også Sunnylven spela fin fotball i denne kampen, sjølv om den enda med tap.