Lokalnytt

Tre søkjarar fekk til saman 375.000.- i Teft-middlar.

Sunnylven IL trim har fått 75.000.- i Teft-middlar til bygging av ein gapahuk (bildet) midtvegs i trimråsa til posten i Ringdalsegga.

Etter søknader har Sparebanken Møre delt ut Teft-middlar til lag og organisasjonar i Sunnylven. Tre av søknadane fekk til saman 375.000.- kroner.

Sparebanken Møre har gjennom mange år støtta lag og organisasjonar økonomisk. Etter ein rask gjennomgang av tildeling av Teft-middlar til lag og organisasjonar i Sunnylven frå 2013 til og med 2021 er samla beløp heile 3.5 mill. kroner.
I tillegg vart det tildelt 700.000.- til fleirbruksanlegget i Hyttehola i 2017, og 200.000.- til nytt kjøkken på Sunnylven samfunnshus.

Til kulturbygg, skyting og trim

Tildelingane har kvart år skjedd under arrangementet Sommardagar på Hellesylt, men i år har søkjarane fått overført beløpa utan større seremoni. Tre lag fekk til saman 375.000.- kroner i år, det gjekk til renovering av Sunnylven samfunnshus 200.000.-, ny standplass til Sunnylven skyttarlag 100.000.- , og Sunnylven Idrottslag og Gapahuk ved turråsa til Ringdalsegga 75.000.- kroner.

Andre som har fått støtte er: Sunnylven pensjonistlag -kultur eldredagen, 10.000.-
Fjellrosa 4H, 4.000,-
I tillegg har Sparebanken Møre samarbeidsavtalar med idrettslag og skyttarlag (draktreklame)

Ny 100-meter standplass

I ein kommentar uttrykkjer leiar i Sunnylven skyttarlag, Ola Vangen stor glede over tildelinga. Alle bidrag er kjærkomne, og vi er heldige som har ein så solid støttespelar i lokalsamfunnet, seier han.
Vangen fortel at skyttarlaget skal bygge ny 100-meter standplass i Hyttehola og pengane går inn i finansieringa av den. Om dei kjem i gong med bygginga i haust avheng av veret framover..

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380