Lokalnytt

Vann heimekamp 9 -3

Sunnylven J13 (Foto frå arkivet)

Sunnylven J13 skåra mange mål mot HaNo på heimebane søndag. Etter 4-2 ved pause enda kampen 9 -3.

Både Sunnylven og HaNo sine jentelag var på poengjakt i seriekampen på søndag. Begge lag stod med 3 poeng etter fem kampar og hadde berre Gurskøy bak seg på serietabellen.

Heimelaget starta kampen forsiktig, noko som fort straffa seg. HaNo i blått gjekk rett i angrep og etter berre tre minutt fekk dei si fyrste skåring.
Heimelaget heldt fram uten serleg trøkk og tempo, noko som resulterte i eit nytt baklensmål, og det stod 2-0 til HaNo.

Då såg det ut til at heimelaget bestemte seg for at «gjestfriheita» var over. Og med litt rokkering på laget vart småspelet slutt og duellane vart tøffare utan at det var ureint spel.
Sunnylven tok over føringa av kampen og då domar Odd Even Svindseth bles for pause stod det 4 – 2 etter mål av Tora, Kristin, Ingeborg, og eit vi krediterer Kristin der ballen endra retning i ein blå.

Andre omgang styrte Sunnylven heilt og leia heile 8-2 fem minutt før slutt. Då fekk HaNo ei redusering, men like etter skåra Sunnylven og fastsette sluttresultatet til 9 – 3. I andre omgang skåra  Ingeborg tre og Kristin to mål.

Neste kamp for Sunnylven J13 er på bortebane mot Aksla/Guard måndag 3. oktober, så kjem Gurskøy på besøk til Hellesylt stadion måndag 17. oktober, og siste kamp er borte mot Hasundgot måndag 25. oktober.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380