Lokalnytt

Åheim vann på Hellesylt stadion 8 – 4

Sunnylven (rødt/blått) kjempa godt i to gange 30 minutt, men Åheim var for gode denne gongen.

Sunnylven sitt guttelag tapte kampen mot Åheim på Hellesylt stadion. Litt surt for eit stort heimepublikum, kanskje var resultatet surare enn regnveret tysdag kveld.

Åheim vann kampen mot Sunnylven 8 – 4 etter 4 – 2 ved pause. Det starta så bra for heimelaget på Hellesylt stadion, for før det var gått ti minutt måtte Åheim sin gode burvaktar hente to ballar frå nettmaskene etter skoringar av David og Oskar.

Men frå då kom også gutane frå olivin-bygda med i kampen, dei reduserte og gjekk i leiing 4-2 før Sunnylven sin faste og gode dommar i desse heimekampane, Odd Even Svindseth, VRF bles til pause.

I andre omgang heldt dei staute gutane frå Åheim fram med fart og sterkt duellspel og auka leiinga, fyrst til 5-3 etter redusering for Sunnylven ved Ari, og før gjestane fekk ny skåring. Oskar tende eit håp om poeng med sitt knallskot og 4 – 6 , men så la Åheim på to nye mål på slutten til siger 8-4.

Sjølv om det vart tap og seriefinalen mot Ørsta – HIL2 glapp har Sunnylven sitt gutelag med tre jenter i spelarstallen stått for mykje spaning, moro og godt fotballspel på stadion. Dei har spela i G14, i feil avdeling, for å spele mot 14 og -15 -åringar er nesten rått parti for spelarar som framleis er 12 år. Det må leinga i forballgruppa passe på for seinare år.
Men all ros til det flotte gutelaget, til trenarar og oppmenn og til domaren frå VRF, dei har gleda mykje på Hellesylt stadion der vi håper å så alle igjen neste sesong.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380