Notiser

Årsmøte i Sunnylven bygdekvinnelag.

Gunhild Kvam held fram som leiar i Sunnylven bygdekvinnelag.

Årsmøtet til Sunnylven bygdekvinnelag vart halde på Tronstad grendahus. Det vart få utskiftingar i styret der Gunhild Kvam held fram som leiar.

Sunnylven bygdekvinnelag hadde 30 betalande medlemer siste året. Mange fleire er med på tilstellingar i laget, som på julebord. Då kan kvart medlem ta med seg ein person om dei ynskjer det, noko fleire gjorde i 2021. Den gongen var Ann Kristin Langeland kåsør, og Stephanie Roux og Synnøve Hjellbakk Hole sytte for musikalsk underhaldning, les vi i årsmeldinga.

Bygdekvinnelaget har vore aktiv i lokalsamfunnet siste året. Dei arrangerte «minijulemesse» på Hægstad Gård då samfunnshuset var under renovering, og kvinnedagen 8. mars vart markert med ope møte på Tronstad grendahus.

Vårmøtet vart halde på Sunnylvsbygda grendahus der leiaren Gunhild Kvam snakka om grønnsakdyrking i eigen hage.
I samarbeid med Sunnylven sanitetslag og Fjellrosa 4H vart det arrangert aktivitetsdag ved Sunnylven skule i mai, og i september drog 20 medlemer og andre på tur til ishavsmuseet på Brandal.

No i oktober var det «Vår dag» i frivilligåret. På Sunnylven samfunnshus markert laget verdas matdag der det var sal av fårikål, kaffi og kaker, les vi i årsmeldinga.

Gåver til andre

Bygdekvinnelaget har tradisjon for å gje julegåver til fleire. I 2021 vart det delt ut gåver til;
Sunnylven omsorgssenter 1500.-
Sunnylven skulekorps 1000.-
HUL, barneleikarringen 500.-
Sunnylven bibliotek 500.-
Hellesylt bygdetun 500.-
Gamleskulen aktivitetsmuseum 500.-
Hellesylt songlag 500.-

Val på årsmøtet

Gunhild Kvam held fram på andre året som leiar i Sunnylven bygdekvinnelag. Styret er:
Leiar: Gunhild Kvam (attval)
Anne Marie Sømoen Frøysa
Inghild Storstein (attval)
Astrid Tronstad Dyrkorn
Grete Bjørdal (attval)
Lisbeth Lervik Helset (ny)

Varamedlemer til styret:
1. Annbjørg Fivelstad
2. Liv Norunn Langeland Runde
3. Kjellaug Tronstad

Revisorar:
Rita Røyrhus
Oddbjørg Stadheim

Valnemnd:
Olveig Frøysa, Anne Grete Hjelmeland Hole, Kari Hauso Stadheim.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380