Blir det Hellesyltdagar i 2023?
Dei to siste åra har det ikkje blitt arrangert Hellesyltdagane i den form ein kjenner frå tidlegare. Kva som blir neste sommar skal drøftast på folkemøte måndag 24. oktober.
Hellesylt Næringslag og medlemer i tidlegare komitéar for Hellesyltdagane, den store sommarfesten på Sunnmøre, kallar inn til folkemøte i Fossedursalen på Sunnylven samfunnshus måndag 24 oktober. Der ønskjer ein å diskutere kva som skal skje med arrangementet i 2023, om det skal vere underhaldning, sal, konkurransar og liknande, og om folket i Sunnylven er viljuge til å ta eit tak for å få det heile gjennomført. Det seier Knut Dag Langeland, medlem i tidlegare komitéar.
-Det er ikkje sett opp ei bestemt sakliste for møtet, men vi håper at mange kjem og at vi får fram meiningar om arrangementet Hellesyltdagane, om det er blitt for stort, om ein skal redusere på aktivitetane, og om vi er mange nok til å få det gjennomført.
Det er sjølvsagt kjekt å vere fri og gjere det ein vil under Sommardagar på Hellesylt, men nokon må gjere oppgåvene som føl med også. Til fleire ein er til dette til mindre blir det på kvar, seier Langeland.
I år har Frivilligåret blitt markert, dugnadsarbeid utan løn og noko sunnylvingar er kjende for frå før. Den friviljuge innsatsen bør halde fram både neste år og i åra etter, meinar hellesylt.info.
Og vi minner berre om at 2023 er valår, noko som kan skape ekstra liv og røre under sommardag-arrangementet i Hellesylt, andre helg i juli 2023?
Folkemøte om arrangementet Hellesyltdagane 2023 blir halde i Fossedursalen på Sunnylven samfunnshus måndag 24. oktober klokka 20.00. Møt fram!!