Bøsseberarar besøkte alle i Sunnylven

Hellesylt Ungdomslag skaffa bøsseberarar og organiserte TV-innsamlinga i Sunnylven søndag. I alt fem bøsseberarar delte bygd og dal og sentrum mellom seg
Klokka 17.00 kom bøseberarane i høve TV-innsamlinga til «Leger utan grenser» til Sparebanken Møre sitt lokale på Hellesylt. Her vart dei tekne i mot og dei innsamla beløpa talde.
Innsamlinga hadde gått greitt også denne gongen, men fleire hadde merka seg at folk ikkje har kontantar lenger. Desse fekk ein papirlapp med eit Vipps-nummer som dei kunne nytte om dei ønska å støtte innsamlinga.
I Sparebanken vart det servert kaffi og saft med noko attåt.
Hellesylt.info har fått beløpa som vart innsamla på bøsser i Stranda kommune. Dei var;
Stranda, 52.404.-
Sunnylven, 14.000.-
Liabygda, 7.300.-
Geiranger, 6.561.-
Tidlegare i veka vart det av mellomsteget ved Sunnylven skule samla inn 4.481,- (vaflesal),
og ved Stranda ungdomsskule 11.574.-
I tillegg kjem andre beløp, eksempelvis på Vipps, og frå Stranda kommune (15.000.-)