Byggestart for Basecamp Hotel «i det blå».
Flakk Gruppen har sett på vent fire store utbyggingsprosjekt innan reiseliv. Mellom dei er to hotell på Hellesylt, Ljøen Hotel og Basecamp Hotel.
Det var stor skuffelse mellom folk på Hellesylt då det i september vart kjent at byggestart på Basecamp Hotel var utsett med eitt år.
No i november kom så meldinga om at utbygging av fire turistanlegg i Flakk Gruppen til ei samla investering på 600 mill. kroner var utsett på ubestemt tid, mellom desse var Ljøen Hotel og Basecamp Hotel på Hellesylt.
Jan Sverre Sivetsen, dagleg leiar for Basecamp Hotel, Hellesylt og tilsett i Flakk Gruppen sidan oktober 2020 har forståing for at det er skuffelse hos mange over avgjerda, men at føre var-prinsippet er viktig med tanke på foreslegne skatte -og avgiftsauka og uro i verda.
Sivert skriv til hellesylt.info at dei likevel er optimistisk med tanke på framtida, men korleis verda ser ut om eit år veit ingen. Då må det gjerast nye vurderingar.
-Når det gjeld framtida må leiande politiske krefter forstå at når ein pålegg enno større del av kostnadsbyrden over på private bedrifter gjev det mindre rom for investeringer og lokal verdiskaping, skriv Sivertsen, og legg til;
-Dette er eigarar som har eit veldig langsiktig perspektiv på denne type investeringer. Det er ikkje snakk om å berike seg på ressursar i distrikta, men i staden og mot dei fleste odds vel å investere i lokalsamfunn der mange andre ville valgt å la vere.
Sivert skriv at på Hellesylt vil bygget og det som er gjort så langt bli sikra slik at det ikke blir skada i påvente av betre utsikter for investering.
-Vi synes sjølvsagt det er veldig synd å måtte gjøre dette, men for eigarane handler det om føre var både med tanke på den skatte -og avgiftsbyrden som er foreslått, og på den urolege verda vi lever i som påvirker også oss.
Totalt sett gjør dette situasjonen veldig usikker med tanke på korleis ein skal investere framover.