Lokalnytt

Cruiseferjer får nye, miljøvenlege motorar

Turistferja Veøy ved kai på Hellesylt.

Måndag 31 oktober går cruiseferja Veøy dei siste turane på Verdsarvfjorden denne sesongen. Deretter er det rett på verkstad for ferja som skal få ny og meir miljøvenleg motor.

Det har vore ein god sesong for The Fjords og turistferjene mellom Hellesylt og Geiranger. Ut august var trafikken 40 prosent over det budsjetterte, og både september og oktober har hatt bra med trafikk. Det fortel skipper på Veøy Einar Borge Eide.

Etter to sesongar med korona-pandemi der det stort sett var berre norske turistar har det i år kome mange europeiske reisande. Men trafikken har ikkje kome opp på 2019-nvå, for kinesarane har mangla, seier skipperen.

I oktober reiser framleis ein del turistar med cruiseferja, mellom anna frå hurtigruta der passasjerar går i land på Leknes/Øie og køyrer med buss gjennom Norangsdalen før dei tek ferja frå Hellesylt til Geiranger og køyrer vidare til Ålesund.

Skipper på turistferja Veøy, Einar Borge Eide fortel om god trafikk på Verdsarvfjorden (Foto frå arkivet)

Måndag er som sagt siste dag med fjordcruise for Veøy denne sesongen. Då går båten rett til verkstad der det skal setjast inn ny og meir miljøvenleg motor med lite forureinande utslepp. Det same blir gjort på Bølsøy som saman med Veøy er klare for ny cruisesesong neste sommar om konsesjonsvilkåra er på plass.
Einar Eide fortel at motorskiftinga på begge ferjene blir gjort slik at ein kan bygge om til batteri og elektrisk drift seinare om ein ønskjer det.

På spørsmål om elektrisk drift går med lite ladekapasitet i Geiranger, seier han at det er opplyst at ferjene kan gå turen med ladding berre på Hellesylt.

Frå tysdag 1. november set Fjord1 inn ei mindre ferje som skal utføre turen mellom Hellesylt og Geiranger tre gonger dagleg.

Sjå rutetider med MF Aukra 01.11 -2022 – 30.04 -2023:
1142 Geiranger-Hellesylt 2022.01.03-2022.04.30 (cloudinary.com)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380