Lokalnytt

Damekamp Stranda-Hornindal på Hellesylt stadion onsdag

Lagbilde av Stranda sitt damelag og trenar på Mona stadion tdlegare i sommar (Foto: Arild Ringdal)

Stranda fotball sitt damelag spelar i 4. divisjon kvinner avd. 2. Onsdag 5. oktober møter laget Hornindal på Hellesylt stadion i årets siste seriekamp.

Stranda sitt damelag spelar dei fleste kampane sine som 9-er fotball på grunn av liten spelarstall. Fleire, minst seks spelarar frå Sunnylven har vore med på laget i år. Laget håper å kunne stille 11-erlag på onsdag og dermed spel på full bane.

Seniorfotball både for menn og kvinner har mista mange lag dei siste åra. I Stranda si avdeling er der fem lag og desse har møtt og møter kvarandre tre gonger.

Stranda har spela to kampar mot Hornindal og vunne begge, 5-1 på Mona stadion, og 2-1 på Hornindal idrettspark. Onsdag er tredje møte mellom dei to, Stranda som har 2. plass på tabellen med 17 poeng, og Hornindal på 5. plass med 8 poeng.
Åheim / Selje leiar suverent 4. div. avdeling 2.

Kampen på Hellesylt stadion onsdag 5. oktober har avspark klokka 18.30.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380