Lokalnytt

Eigenberedskap viktig i tilfelle ulykker

Romjulsorkanen Dagmar i 2011 var ei påminning om at eigenberedskap er viktig. Her eit bilde slik det såg ut på Hellesylt Camping.

Veke 44 er ei landsdekkjane kampanjeveke for eigenberedskap. Utfall av straum, vatn eller mobilnett kan skape store vanskar om ein ikkje er førebudd.

Det skal så lite til for eigen beredskap om el-forsyning, vatn, mobilnett eller anna blir borte ei tid. Målet er at alle må ha eit eige-lager av diverse for å takle ein slik situasjon i minst tre døgn

I Sunnylven, Stranda og Geiranger viI Stranda kommune i veke 44 gje informasjon og råd om kva som er viktig å ha i huset i tilfelle ein krisesituasjon.
På Hellesylt kan publikum møte representantar frå beredskap ved daglegvarebutikkane Joker og Coop måndag 31 oktober mellom klokka 13.30 og 16.00.
På Stranda kommune si nettside ligg meir informasjon om kva og korleis alle kan førebu seg på ein uventa situasjon.

Sjå meir om eigenberedskap på Stranda kommune si heimeside: https://www.stranda.kommune.no/nyheiter-pa-framsida-aktuelt/eigenberedskapsveka-2022.12338.aspx

Dagmar førte med seg store vindfall i Steimsåsane som gjorde vegen til Sunnylvsbygda uframkomeleg .

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380