Lokalnytt

Fekk beviset for tildelt Teft-stipend

Langrennsløpar Kristine Hjellbakk Hole vart tildelt eit Teft-stipend av Sparebanken Møre i fjor. Nyleg mottok ho også det synlege beviset overrekt av banksjef Kjell Martin Ringset.

Det var i 2021 at langrennsløparen Kristine Hjellbakk Hole frå Sunnylven fekk tildelt eit Teft-stipend på 50.000.- frå Sparebanken Møre. Stipendet vart overført, men fyrst nyleg vart det synlege beviset overrekt.

I 2021 vart 16 unge talent tildelte Teft-stipend av Sparebanken Møre. Mellom 135 søknader som kom inn det året var juniorlangrennsløpar Kristine Hjellbakk Hole frå Sunnylven. Ho og 15 andre kunne motta 50.000.- kroner kvar i stipend av Teft-middlar.

Kristine har blitt ein av norges beste i si klasse i langrenn. Dei to siste åra har ho gått skule ved NTG Lillehammer med stor framgang i langrennssporet, og ho bur og konkurrerer for Lillehammer skiklubb enno og trene i miljøet der for å bli god, fortel ho til Hellesylt.info

Forsenka plakettoverrekking

Kristine Hjellbakk Hole fekk stipendet inn på konto i fjor, men av ulike årsaker kunne ho først nyleg motta plaketten for tildelinga. Det skjedde då ho var heime på Lillebø i Sunnylven på ein liten haustferie.
I Sparebanken Møre sine lokale på Stranda fekk ho overrakt beviset av banksjef Kjell Martin Ringset.

Kristine Hjellbakk Hole er glad for at Sparebanken Møre støttar opp under unge idrettsutøvarar. Slike stipend kjem godt med når trening må prioriterast framfor jobb, seier ho.
No er ho i full trening etter ein periode med litt forkjøling, og ho trur sesongen vil bli bra. I alle fall er motivasjonen på topp for å gå fort i langrennsløypene når snøen kjem.

Heier på gode rollemodellar

-Sparebanken Møre heier på unge som har talent, vilje og teft til å nå langt, og som samtidig er gode rollemodellar for andre rundt seg.
Vi håper at stipendet utgjer ein forskjell, at det kan opne nye mulegheiter og samstundes vere eit raust klapp på skuldra, skreiv Sparebanken Møre ved tildelinga i 2021.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380