Fjellrosa 4H med program og flotte utstillingar.
Det var stor variasjon i oppgåveval som publikum kunne sjå utstilt då Fjellrosa 4H heldt sin haustfest på Sunnylvsbygda grendahus nest siste søndag i oktober.
Fjellrosa 4H er ein stor klubb med sine 24 medlemer, og klubben har blitt kåra til årets klubb i Møre og Romsdal tre gonger, fyrst i 2017, og så to år på rad i 2020 og 21. Klubben har eige styre med Linus Frøysa som styreleiar. Klubbrådgjevar er Silje Stadheim med Per Olav Frøysa Hånes som hjelperådgjevar.
Haustfesten med utstilling, program og enkel servering er årsavslutninga for 4H-klubbane, men aktivitetane er fleire og mange gjennom heile året.
Stor aktivitet
Fjellrosa 4H har hatt eit stort tal samlingar tidlegare for medlemane. Vi veit at det har blitt tur til klatrepark, kajakkpadling, hesteriding, sykling, dei har lært å lage taubane, mat på bål, det har blitt bading og mykje meir. Mykje av dette vart vist med bilder i programdelen, og fortalt om av styreleiar Linus Frøysa.
Fjellrosa 4H har også vore på besøk, og hatt besøk av andre klubbar.
Alt godkjent
Alle medlemer hadde fullført arbeidsoppgåvene sine til haustfesten og utstillingane var imponerande. Det fekk også 4H-arane tilbakemelding på frå dei personar som hadde bedømt og kontrollert arbeida.
Oppgåvevala var variert, frå herbarium, fotball, lego hos aspirantane, dei yngste i klubben, til stell av traktor, fjellturar, fleire oppgåver om dyr, lastebil, til baking og vegansk mat hos dei eldre.
Snart plakettvinnarar
Emil Frøysa og Ida Susann Tronstad har vore 4H-ar i mange år og leverte sin oppgåve også denne gongen. Dei to har eitt år igjen før tildeling av 4H-plaketten.
Under haustfesten fekk dei sine merke for godkjente oppgåver slik alle dei andre også fekk. Bronse, sølv og gullmerka var tidlegare sponsa av Sparebanken Møre, men no betaler klubben for dei sjølve.
Linus overrekte gåver til klubbrådgjevarane. Silje Stadheim har hatt rådgjevarvervet i åtte år og lova å halde fram. Det same sa Per Olav Frøysa Hånes som går på sitt andre år.
Digitalt neste år.
Silje Stadheim er også medlem av styret i Møre & Romsdal 4H og sa at ein no går over til digitale oppgåvebesvarelser.
-Bruk fleire bilder, det har også dei som har bedømt oppgåvene etterlyst, og då kan ein bruke mindre tekst, sa ho.
Ho opplyste om at 4H sin fylkesleir neste år blir på Gjermundnes.