Fjelltrimmen registrerte nedgang i besøk

Sunnylven IL trimgruppa har gjort opp status for trimåret 2022, og premiert etter loddtrekning der besøkstala på postane hadde nedgang i høve til tidlegare år.
Trimgruppa skriv at etter registreringar på postane ser det ut som det er ein nedgang på antal besøk i fjelltrimmen 2022. Årsaka kan vere ein sommar med litt dårleg ver, trur dei.
På georeg er der 4417 registreringar, og med noteringar i trimbøker ligg totalt besøk på alle postane på omlag 7000. Tidlegare år har talet vore mellom 10 -12000 registrerte.
Stortrimmarar
Men fleire har gått mange turar og sanka mykje poeng. Best av alle vart Bjørn Hallgeir Rusten med 2244 poeng. Han har toppa lista også tidlegare år.
På dei neste plassane finn vi Jørgen Wollsæter, 1457 poeng, og Odd Jostein Bjørdal , 1370 poeng.
Dei tre mest besøkte trimpostane i 2022 var;
Gamle shell, 1847 registreringar
Karbømarka, 461
Ringdal, 343
Berga, 323
Etter loddtrekning vart desse premierte;
Barn over 10 postar
Brage Fivelstad Tennøe, Gavekort (ingen barn med alle postar
Ingeborg Fivelstad Stadheim, varer frå Orkla
Uttrekt barn frå alle som levert skjema:
Vilde Fivelstad Stadheim, varer frå Orkla
Vaksne alle postar:
Ingebjørg Saarheim Fivelstad Gavekort
Vaksne over 10 postar:
Kari Hauso Stadheim, varer frå Orkla
Uttrekt vaksne levert skjema:
Maria Langeland, varer frå Orkla
Takk til Orkla Foods, Stranda som har sponsa oss men fine premiar, skriv trimgruppa.