Lokalnytt

Fokus på sau og lam med mat og utstilling

Det gode liv på fjellbeite er over for i år. Her ein morsau med tre lam i Holedalen.

Sunnylven bygdekvinnelag inviterer til markering av FN sin matvaredag og til utstilling på Sunnylven samfunnshus. Laget set sau og lam i fokus under tilstelninga.

«Vår dag» kallar Sunnylven bygdekvinnelag sitt arrangement på Sunnylven samfunnshus 15. oktober. -Vi set fokus på FN sin matvaredag og frivilligåret 2022, og inviterer sunnylvingar og anna godtfolk på fårikål med noko attåt, skriv laget.
Sal av fårikål, kaffi og kaker foregår mellom klokka 12.00 og 15.00.

At det var nettopp fårikål som vart hovedmenyen var treffande. I desse dagar kjem dei ullkledde heim frå fjellet der dei har vakse seg store og fine på nettopp det finaste i næringskjeda for dyr, det grøne og saftige fjellgraset.

Også utstillinga vil vise ulike produkt frå desse husdyra, skriv Sunnylven bygdekvinnelag som ønskjer velkomne til store og små, unge og eldre på Sunnylven samfunnshus laurdag 15. oktober.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380