Folkemøte om Hellesylt Hydrogen HUB
Det blir folkemøte laurdag 29. oktober med orientering om bygginga av hydrogenfabrikken på Hellesylt. Grunnarbeidet med tomta er planlagt å starte i november.
Norwegian Hydrogen inviterer til folkemøte på Hellesylt laurdag 29. oktober for å informere om Hellesylt hydrogen HUB og planane for hydrogen. Etter orienteringa blir det høve til spørsmål.
Det opplyser Andreas Wenaas Østigård i Norwegian Hydrogen AS, og prosjektleiar for anlegget på Hellesylt.
Østigård seier at formålet med møtet er å informere lokalbefolkninga og andre interesserte om prosjektet og den planlagde framdrifta.
På møtet blir det informert om hydrogen, om prosjekter Hellesylt Hydrogen HUB, sikkerheit på anlegget, planarbeid og regulering, og frå landskapsarkitekt om korleis anlegget blir tilpassa og vil ta seg ut i området.
Til orienteringa er det sett av ca. ein time, og deretter blir det høve til å stille spørsmål.
-Vi vil vere til stades også etter møtet om nokon ønskjer uformelle samtalar og saker dei ønskjer svar på, seier Andreas Wenaas Østigård.
Møtet blir halde på Hægstad Gård, Hellesylt laurdag 29. oktober klokka 11.00 – 12.30 (Sjå kalendar)
Startar på tomtearbeidet i november
Som tidlegare meldt blir hydrogenfabrikken på området mellom Formvac AS OG HT Bygg Hellesylt AS, der den store røysa med steinmasse frå tunneldrivinga på Ljøvegen ligg.
I november vil arbeidet med utplanering av tomteområdet starte. Fire entreprenørar har meldt seg interessert i jobben, opplyser Østigård.