Lokalnytt

God kamp av Sunnylven J13

Sunnylven i rødt og blått avslutta med ein god kampar på heimebane måndag kveld. Då står ein kamp igjen av årets sesong.

Det vart tøft for Gurskøy mot Sunnylven i J13-kamp på Hellesylt stadion måndag kveld. Etter to gange 35 minutt vart det heimreis utan poeng og tap 2 – 8 for gjestane.

Gurskøy kom best i gong og pressa for skåring, men etter kvart tok Sunnylven over og gjekk i leiing 1-0 på hjørnespark som Kristin Langeland stanga kontant i mål.
Då var kampen ti minutt gammal, og få minutt seinare var det femmålskårar Ingeborg Fivelstad Stadheim sin tur.
Gjestelaget reduserte etter 27 minutt, men før kvilen la Sunnylven på nye mål ved Kristin og Ingeborg til pauseresultatet vart 4-1 til Sunnylven.

Andre omgang vart også målrik, fyrst med tre skåring til heimelaget før Gurskøy reduserte, og like før slutt nytt mål til Sunnylven og siger 8-2.

Ein god kamp av heimelaget, både av målskårarane og burvaktar Tonje Støverstein, men også av heile laget. Å stå på, gjerne litt tøffe i taklingane og ikkje gje opp ein einaste ball, det var oppskrifta som gav tredje siger og tre poeng for Sunnylven sitt jentelag i haustserien.

Også Gurskøy har talentfulle spelarar og viste mykje bra. Best likte vi burvakta og dei to med 9 og 28 på ryggen.

God dommar i årets siste heimekamp for J13-laget var Odd Even Svindseth, VRF

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380