God sikkerheit for Hellesylt Hydrogen HUB
Sikkerhet kring ein Hydrogenfabrikk har mange vore opptekne av . På møtet vart det stilt spørsmål om fabrikken på Hellesylt var plassert på rett stad.
Ottar Osen, med ferie-eiendom midt i Hellesylt sentrum opna spørsmålsrunden etter orienteringa, han ville ha svar på om Norwegian Hydrogen hadde vurdert andre tomteval for fabrikken. Den blei liggande fårleg nær både skule, campingplass og anna bebyggelse i tilfelle ei ulykke, sa han.
Jens Berge svara at både av praktiske og andre årsaker var tomta som val valgt den rette. Han beroliga og såg ikkje med den utforming anlegget ville få at resikofaren for ei ulykke var større her enn ved andre hydrogenfabrikkar.
-Hydrogen er ikkje meir fårleg enn vanleg brennstoff, men må handterast deretter. Resikoen for ulykker ved anlegget skal ikkje vere større enn den daglege resikoen i samfunnet.
Osnes var ikkje nøgd og la til i spørsmålet om det var vurdert eksplosjonsfare ved ei flodbølge, eksempelvis om deler av fjellet ved Åknes skulle rase ut.
Det fekk ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad til å ta ordet.
-Det går ikkje ann å snakke om flodbølgje frå Åkneset som fåremoment for utvikling på Hellesylt lenger. Overvakinga av fjellet er av det beste som finnst i verda i dag og alle på Hellesylt og fleire andre stader er evakuert om eit ras skulle kome. No blir det også jobba med planer om å få drenert fjellet for vatn, noko som også reduserer fåren for eit ras, sa ordføraren som fekk applaus for svaret.
Også fleire andre hekta seg på forsvaret av etablering av hydrogenfabrikken.
-Vi har vore på mange folkemøter på Hellesylt og blitt lova mykje, men alt har gått i stå så langt. No håpar vi det ikkje skjer igjen, sa Stig Tryggestad, leiar i Hellesylt Næringslag og ønska Norwegian Hydrogen velkomne og lukke til med produksjonen.
Og Øystein Ljøen fekk bekreftande tilbakemelding frå Jens Berge på at HT Bygg Hellesylt AS kunne kjøpe ny lastebil for hydrogendrift til 1.november 2023. Då skal fabrikken på Hellesylt, den fyrste som produserer grøn Hydrogen i Norge vere i drift og levere.