Hellesylt får Norges fyrste fabrikk for grøn Hydrogen
Desse orienterte om saker under møtet. Frå venstre Elisabeth Baril – Norconsult, Hiroyuki Utsugi – Mitsui, ordførar Jan Ove Tryggestad – Stranda Kommune, Andreas Wenaas Østigård – NH2, Marielle Furnes Mannseth, -NH2 Jens Berge – NH2, Lillian Kråkmo – Gexcon, Kåre Gjengedal – Norconsult
Utstyret til Hellesylt Hydrogen HUB er tinga og betalt, og i november 2023 går dei fyrste leveransar av grøn hydrogen ut frå fabrikken på Hellesylt.
Informasjonsmøtet som Norwegian Hydrogen kalla inn til på Hellesylt laurdag 29. oktober fekk godt frammøte. På Hægstad Gård måtte fleire stolar til, og det stoppa på rundt 70.
Her vart det gjeve god og utfyllande informasjon om grøn hydrogen, oppstarten med Hellesylt hydrogen HUB, om sikkerheit kring fabrikken, planarbeidet og landskapsarkitektur..
Jens Berge frå Norwegian Hydrogen opna møtet og snakka om historia til Hellesylt Hydrogen HUB som vart etablert i januar 2020.
Hellesylt-prosjektet blir eit liten pilotprosjekt, og det fyrste i Norge som produserer grøn Hydrogen, sa Berge.
For den nye tida
Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad helsa forsamlinga og såg tilbake på korleis det heile starta: I Sunnylven er fleire små kraftverk som kan produsere meir enn linjenettet kan levere, så dermed vart ideen skapt om Hydrogenproduksjon av næringssjef Inge Bjørdal og Småkraftforeninga.
-Eg er utruleg glad for at det er dei som vågar å satse på Hellesylt. Møtet her er for den nye tida, sa ordføraren.
Rein energi
På møtet var det fleire innlegg om tema som Hydrogen, sikkerheit , planarbeide for tomta , og om landskapspleia kring fabrikken.
Marielle Furnes Mannseth frå Norwegian Hydrogen orientert om kva grøn Hydrogen er, det blir produsert av fornybar energi med elektrisitet frå vannkraft, sol eller vind, og av vatn. Det som då kjem ut frå ein motor er heilt reint,
Hydrogenproduksjon kan skape inntil 33000 nye arbeidsplassar i 2030, Det er energi som kan nyttast av eksempelvis bil og maskiner, tog, og ferjer, vart sagt.
Oksygen og varme
Å fylle opp dagsbehovet på ei ferje tek 45 minutt, sa Andreas Wenaas Østigård, prosjektleiar for Hellesylt Hydrogen HUB. Fabrikken ville få ein produksjon på 3.0 megawatt.
Produksjonen på Hellesylt får også andre produkt som kan kome fleire til gode. Mellom anna blir det rein oksygen av produksjonen som oppdrettsanlegg kan nytte, og det blir overskotsvarme. Det kan gje grøn Hellesylt stadion heile året der stadion har nedlagt røyr for undervarme, der er varme til skulen, til omsorgssenteret og hotell på Hellesyltneset, og til eit symjebasseng på Hellesylt.
Med alt dette, likevel er det berekna at anlegget vil ha 83 prosent igjen av varme.
Kanskje kan Hellesylt få eit stort og moderande drivhus??
Det vart også informert om sikkerheit kring hydrogenfabrikken på Hellesylt, det vart orientert om planarbeidet, støy, og om korleis området kring fabrikken skulle utformast estetisk med både gjerde og beplantning.
Opshaug fekk grunnarbeidet
I veke 44 startar grunnarbeidet. Det kom inn fire anbod og det vart firma Opshaug, Stranda som fekk anbodet. 5.5 da. av området der den store steinhaugen ligg skal planerast. Den steinmassen som blir til overs blir lagra på det resterande kommunale området inn til vidare.