Lokalnytt

Hellesyltdagane friskmeldt for 2023

Volleyball-turnering under Sommardagar på Hellesylt i 2016

Etter to år med korona er Hellesyltdagar friskmelde for 2023, og skal stort sett bli arrangert som tidlegare. Det vart konklusjonen på det opne folkemøte om sommarfesten skulle arrangerast eller ikkje.

Rundt 30 personar kom til møtet som Hellesylt næringslag og tidlegare komitemedlemer i Hellesyltdagane kalla inn til måndag kveld. Dei to siste åra har Hellesyltdagane blitt avvikla litt meir redusert enn vanleg. Koronapandemien og usikkerheit kring denne har vore årsaka.

Måndag kveld vart det halde eit svært positivt møte der konklusjonen var samstemt. Hellesyltdagane i 2023 skal arrangerast frå 7. til 9. juli, og etter tidlegare opplegg.

Ut frå fire gruppearbeid kring borda kom det fram at ein ynskjer Hellesyltdagane stort sett som tidlegare. Men det kom fram tankar om å få til arrangement for ungdomen, og gjerne fokusere på nye aktivitetar som Hellesylt har fått.

Det vart vedteke at det skal velgast ein hovudkomite på fem personar, frå Hellesylt næringslag, Hellesylt Ungdomslag, Sunnylven Idrottslag, og to «frie» personar. Desse deler opp arrangementet og set saman komitear som får sine ansvarsområder.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380