J13 enda på 7. plass
Sunnylven enda på 7. plass i avdeling J13.07 etter tap 5-3 mot Hasundgot borte på Haddal stadion torsdag ettermiddag.
Ingeborg Fivelstad Stadheim gav bortelaget 1-0 leiing 4 minutt før pause. Men to baklengsmål i fyrste minutt av andre omgang førte heimelaget opp i ledelsen. Sunnylven mista ikkje motet og to mål av Ingeborg gav laget ny leiing. Dessverre scora Hasundgot direkte frå avspark etter leiarmålet til Sunnylven og med to nye mål av tremålscorar Julie Haugland enda kampen med tre poeng til heimelaget.
Ein ny god kamp av keeper Tonje Støverstein fekk fram superlativa også blant heimetilhengarane, og bortelaget kunne med litt hell fått med seg poeng i denne kampen.
Hasundgot hadde eit jamt godt lag der storparten av spelarane også spelar på J15-laget til klubben. Dei enda til slutt på fjerde plass i avdelinga med lik poengsum som Ørskog. God dommar var Emily Marie Rødseth Verting, Hasundgot.