Julemesse siste laurdag i november
Sunnylven bygdekvinnelag inviterer til tradisjonell julemesse siste helg i november. I år blir salsmessa på Sunnylven samfunnshus laurdag 26. november.
Det nærmar seg den årlege julemessa på Hellesylt. Laurdag 26 november håper arrangøren Sunnylven bygdekvinnelag mange utbydarar er på plass i Sunnylven samfunnshus, og at enno fleire kjem og handlag av gode tilbod.
I år er julemessa tilbake i storstova i bygda etter at bygget er blitt renovert det siste året.
Som ein ser under er prisane for stand inne stort sett som tidlegare, og ute er det gratis. Der går det også an å vere, for på Hellesylt er veret alltid godt denne helga.
Arrangøren ønskjer alle, både utbydarar og handlande velkomne til julemesse på Hellesylt laurdag 26. november.
Sjå også kalendaren -Komande arrangement-.
Pris pr bord inne: 200 kr
Pris pr bord skuleelevar: 100 kr
Pris pr stand ute: Gratis
Påmelding til Heidi Hauge tlf 90177057
e-post: heidimelvollhauge@gmail.com med informasjon om kor mange bord og kva du skal selge.
Betaling vil bli krevd inn på julemessedagen. Kontant/vips eller til bankkonto. Frist for påmelding er søndag 20. november 2022.
Det blir sal av risengrynsgraut og kaffe/kaker.
Sunnylven samfunnshus vil vere ope fredag kveld etter avtale og frå kl 09.00 laurdag morgon.