Konsert med Kulturskulen og KISS.
Det klang i veggane, nesten så stolradene i Storfjord kulturhus rista då unge kulturskuleelevar i Stranda baud inn til konsert tysdag kveld. Det vart ein strålande time med song, korpsmusikk og andre musikkinnslag.
-Denne kvelden har eg sett fram til lenge, sa kulturskulerektor Trond Otto Berg som leia arrangementet og introduserte dei unge utøvarane, dei fleste fjerde-klassingar.
Berg fortalde litt om prosjektet der korpsmusikarar har danna KISS som tyda «Korps I Skulen Stranda», eit samarbeid mellom Stranda kulturskule og Ringstad skule.
Til prosjektet som starta i år var det kjøpt inn 40 nye korpsinstrument. Det var ein betydeleg kostnad, kanskje rundt ein halv million om det skulle kjøpast privat. No hadde Stranda kulturskule fått støtte frå gode sponsorar, Gjensidige indre Sunnmøre, Stranda Energi AS, Stranda Hamnevesen KF, og Sparebanken Møre. Sparebanken var den største gjevaren, og under konserten kom banksjef Kjell Martin Ringset på scena og overrekte ein sjekk på 150.000.- kroner.
Ringset fortalde at Sparebanken Møre deler ut mange titalls mill. kroner til gode formål kvart år, og korps rundt om er mellom mange mottakarar.
Sjølv lika banksjefen godt å høyre korpsmusikk og sjølvsagt på 17. mai, sa han. I tillegg til at han kom med mykje pengar så skulle Sparebanken spandere Pizza på alle som deltok på scena i Storfjord kulturhus. Og på spørsmål om der var nokon som lika pizza, var svaret eit rungande ja.
Med dei mange gode sponsorane var no heile instrumentkjøpet betalt, fortalde Berg til hellesylt.info
Totalt var rundt 80 born med i konserten der ein del spela på instrument, andre hadde framføringar på piano, på gitar, og mange song til musikken.
Til neste konsert som blir før jul skal dei som song spele på instrument og omvendt. Etter nyttår får så elevane velge mellom song eller eit instrument og spesialisere seg meir.
Den flotte konserten vart avslutta med alle i rockelåta «I was made for loving you baby», og eit nær fullsett kulturhus klappa med, så lenge at det vart reprise på litt av rockelåta.
Også Sunnylven skulekorps var med på konserten i det store korpsbander saman med fleire av kulturskulen sine lærarar.
Stranda kulturskule driv godt. Hellesylt.info er storleg imponert over det vi og dei mange fekk oppleve i song og musikk frå unge utøvarar. Her var det mange talent, og her veks det fram kultur som Stranda kommune kjem til å bli stolt av.