Lokalnytt

Leif Arne tok over klubba i Sunnylven bondelag

Leif Arne Fivelstad vart ny leiar i Sunnylven bondelag, etter Peder Hellebostad som ikkje tok attval etter å ha hatt leiarvervet i 11 år.

Leif Arne Fivelstad vart ny leiar i Sunnylven bondelag etter Peder Hellebostad då laget heldt sitt årsmøte på Sunnylvsbygda grendahus. Gjest på årsmøte var Ørjan Stenerud, Godøy.

For hellesylt.info: Per Ingebrigt Karbø

Etter 11 år som leiar tok ikkje Peder Hellebostad attval, og gav klubba over til Leif Arne Fivelstad. For lang og trufast innsats for laget fekk Peder både blomar og gode takkeord. Han har vore ein engasjert leiar som har sett seg godt inn i alle saker.
– Bondelagskniv skal du få, men vi venta i det lengste med å bestille, i vona om at du ville fortsette endå ein periode, sa Kurt Erik Sundgot.
22  av laget sine 63 medlemmane møtte på årsmøtet  Sunnylvsbygda grendahus fredag 21. oktober.

Styret i Sunnylven bondelag er:
Leiar: Leif Arne Fivelstad
Peder Rune Tronstad,
Jørgen Helset,
Jørn Stadheim,
Kurt Erik Sundgot,
Gunnhild Live Folldal.

Ser på ny inntektsvurdering

Årsmøtegjest var styremedlem i fylkesstyret og mjølkebonde Ørjan Stenerud frå Godøy.  Bondelaget er kritisk til inntektsutjamningsutvalet  sine framlegg til å endre måten bondens inntekter vurderast på.  Dette utvalet, som er leia av professor Harald Grytten frå Norges Handelshøyskole,  ønsker å sjå på samla inntekt i hushald i staden for vederlag til arbeid i landbruk. Det vil gi konsekvensar for dei prisane og tilskota bøndene får i jordbruksoppgjeret.

Håper framlegget blir stoppa

Ørjan Stenerud har eit mjølkebruk med 500 000 liter i kvote, og kona jobbar som pedagog i barnehage. Bruk hans vil få betydeleg høgare inntekt etter eit nytt framlegg til inntektsvurdering på grunn av kona si løn, sa han.
Utvalet si innstilling er no på høyring. Mjølkebonden frå Godøy vona at vår «bondevennlege» regjering der Senterpartiet har landbruksministeren skal klare å sette på plass nokre av «fagøkonomane» sine framlegg.

Veterinærordninga

Næringssjef Inge  Bjørdal  har alltid med seg aktuell informasjon frå Stranda kommune. Ei viktig sak no er å oppretthalde veterinærordninga i ei tid der talet på bønder med husdyr går ned, og dyra blir friskare.
-For å få ei vaktordning som veterinærane og styresmaktene godkjenner, treng vi tre veterinærar. Men vaktområde Sykkylven og Stranda har berre inntektsgrunnlag for to. Ein må då samarbeide med andre kommunar, anna næringsliv eller mattilsynet, sa Bjørdal.

Dette har næringssjefen og andre i kommunen jobba mykje med, men enno ikkje løyst. Det kan i verste fall føre til  problem med å skaffe veterinær når dyra vert sjuke.
Dette er ei utfordring som også kommunestyret i Stranda vil få på bordet ved budsjetthandsaminga i haust, vart opplyst på årsmøtet.

Juletallerken

Under årsmøtet i Sunnylven bondelag vart det som vanlig servert juletallerken av både svin og sau.  Det velsmakande måltidet vart profesjonelt laga til og servert av mellom anna Margreta Jansen og Erna Hellebostad.

Peder Hellebostad takka av som leiar på årsmøtet i Sunnylven bondelag. Han fekk gode ord og blomar av styremedlem i laget Kurt Erik Sundgot, som lova at også tollekniven kjem

 

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380