Lokalnytt

-Oppveksten formar personar.

Asbjørn Tryggestad hadde mange fine minner frå barne og ungdomsåra på Tryggestad, eit kåseri som nærmast trollbandt forsamlinga.

Sunnylven pensjonistlag hadde sikra seg Asbjørn Tryggestad som kåsør på medlemsmøtet i oktober.  Oppveksten gjennom barne -og ungdomsåra i heimegrenda var tema, ei oppleving å lytte til for forsamlinga.

Asbjørn Tryggestad vaks opp på eit lite småbruk på Tryggestad i Sunnylven saman med foreldre og fleire sysken. Livet der vart gode år som framleis set godt fast i minne.
Gjennom det timelange kåseriet fekk medlemane i Sunnylven pensjonistlag vere med på opplevingar i barneåra, ei tid full av aktivitetar sommar som vinter, og eit liv som barn sjeldan opplever i dag.

Slitarar verd eit minnesmerke

Småbruket i «Gunnja» på Tryggestad var på åtte dekar dyrka jord og ein del utmark, dei fora eit par kyr, nokre sauer og ein gris. Mor til Asbjørn kom sørover frå Vesterålen som tenestejente til nabobygda og etter kvart til Sunnylven der ho vart gift med far til Asbjørn som var vegarbeidar.
-Kanskje burde det vore sett opp eit minnesmerke over desse slitarane som jobba fram vegen mellom Hellesylt og Stranda, sa han.

Når Asbjørn kjem tilbake til Tryggestad er Høghammaren alltid eit mål for turar. Der er utsynet storfelt til mektige fjell som omkransar grenda, og der i terrenget samla dei noko av graset til vinterforet for husdyra, fortalde han.

 

Når Asbjørn Tryggestad minnast far sin og andre vegarbeidarar tek han rallarhatten på.

Hastedøypt

I kåseriet las han fleire dikt, både eigne og av andre, fleire med innhald som heidra og takka dei som har skapt og skaper levande bygder som ikkje gror til. Det var det kjekt å kome heim til og sjå, sa han.
Asbjørn fekk berre eitt namn då han vart døypt, i motsetning til mange andre på same alder i grenda. Han nemde Jon Per, Tor Arne, Jan Ove og fleire.
-Eg fekk kikhoste som liten, dei trudde eg skulle døy så kanskje hadde dei lita tid sidan eg berre fekk eitt namn. Men eg står no her, skjemta han, ein kommentar som fekk fram litt lyd i ei forsamling som lydlaust levde seg inn i kåseriet.

Livsnerven

I oppveksten på Tryggestad vart dagane aldri lange. Det var alltid eitt eller anna å finne på. Og om det ikkje var leik var det gjeremål på garden. Ingen skulle gå i skog og mark utan å ha noko å gjere der, som å plukke bær eller sjå til eller hente dyr.
Sjølve livsnerven i grenda var Langedalselva, den hadde ein spesiell «song» i seg, mintes Asbjørn, for der henta dei vatn med vassele til husdyra og til hushaldet.
Og elva var meir enn ei vasskjelde. Han skildra fisketurar til dei mange gode fiskehølane som alle hadde namn, mellom anna Dussehølen, der var kreene store og feite. Elva var også ein populær stad for bading, og leik ute på store steinar, og det vart skøytebane på isen om vinteren.

Røykte einebark

Kåseriet med Asbjørn Tryggestad vart ei fengjande historieforteljing, alt formidla på ein lett og ledig måte. Han var innom mykje, mintes skuledagane på Langeland skule, kor mørkredd han var når han skulle hente ved i vedskjulet, om ein tur i lag med kameratar og overnatting på Torskedalssætra der dei røykte einebark til dei vart skrale, og han huska gamlekarane i Tryggestad-grenda og samlingane kvar søndag på låvebrua der verdens problem vart diskutert og løyste.
-Oppveksten var viktig for den har forma meg som person, slo Asbjørn Tryggestad fast.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380