Pensjonistlaget baud på fårikål av store lam

Sunnylven pensjonistlag gjorde stas på nasjonalretten fårikål under medlemsmøtet i oktober. Og med riskrem og kaffi som dessert vart det ei go`stund i matvegen for dei frammøtte.
-Det er så godt å sjå dokke alle, sa leiar i laget Astrid Langeland då ho ønska alle vel møtt. Dette var fyrste samling etter eldredagen og besøket av artisten Sigrid Moldestad, og no skulle fårikålen, matretten som ni-timen sine lyttarar i 1972 kåra til norges nasjonalrett serverast og gjerast stas på.
-Kanskje har fleire av dokke hatt fårikål heime alt, men vi i pensjonistlaget venta litt slik at lamma kunne gå litt på bøane heime og legge på seg litt ekstra, då smake det enno betre, skjemta Astrid.
På kjøkkenet på kyrkjelydshuset hadde dei hatt ein diskusjon om dei skulle bruke heil pepper, men det vart malt, sa ho og røpa at ho hadde lurt seg til å prøvesmake og tykte det var bra.
Om det var ein forlenga beitesesong eller malt pepper som var årsaka veit ikkje vi, men fårikålen smaka i alle fall fantastisk godt.
Til slutt vart det servert riskrem med kaffi til, før medlemsmøtet vart avslutta med åresal og trekning av mange gevinstar.
Mintes medlemer.
Ved opning av medlemsmøtet vart det tent lys for to medlemer som hadde gått bort, Oddmund Helset og Arnfinn Tryggestad. Astrid Langeland sa at begge var trufaste i laget og lika å vere med på arrangement og turar.
Spesielt var Arnfinn aktiv nesten til det siste. Han tok del i mykje og var ein vaktmeister på lag i kyrkjelydshuset med stell av blomar om sommaren og snømåking om vinteren. Han hadde også tent mange lys i løpet av livet, og han var den einaste Astrid visste som hadde tent alle lysa i den sjuarma lysestaken i kyrkja med berre ei fyrstikke.